Gå til innhold

15 Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!»

Oppsiktsvekkande renessanse for Bibelen

11. januar 2013.

- Det er oppsiktsvekkande og gledeleg at Bibelen skulle få ein slik renessanse som det store salet tyder på. Det tyder på at det er eit klima for å fornye kjennskapen til den åndelege tradisjonen som forfedrane våre stod i, men som i så stor grad er fortrengd og gløymd av mange som lever no, seier forfattar Edvard Hoem i ein kommentar til den stor interessa for den nye bibelomsettinga som Bibelselskapet presenterte for eitt år sidan.

Sylfest Lomheim, Professor ved Universitetet i Agder

Den beste omsettinga – nær vår tid og nær originalen
Hoem meiner at omsettinga er den beste vi nokon gong har hatt, nær vår tid, nær originalen, og at dette er noko av forklaringa på den store interessa.

- Men eg trur det også er klart at det er ein ny lesemåte som opnar Bibelen for mange. Du treng ikkje lesa ut frå ein bestemt ståstad, du les frå den staden der du er. Slik er menneska no, autoritative lesemåtar kan ein ikkje lenger koma trekkande med. For mange er Bibelen som før, vegen til frelse, for mange andre er det fantastisk litteratur. Eg trur det er eit gjennomslag for ideen om at Bibelen ikkje berre høyrer dei kristne til, men alle menneske.

Folk strir med dei store spørsmåla
- Eg veit ikkje om folks syn på Jesus har endra seg, men den gode omsettinga gjer det mogleg å bli kjent med han, slik evangelia presenterer han. For dei fleste nordmenn i dag er Gud eit menneske, eit ekstraordinært menneske. For somme vil han bli noko meir når dei har møtt han. Dei fleste ser at han ikkje er lett å koma forbi, seier Hoem og meiner det er ein åndeleg refleksjon blant mange i dag som media ikkje avspeglar særleg godt. - Folk strir med dei store spørsmåla no som før, og i den samanheng er også Bibelens hovudperson ei utfordring.

Eiga ovetydingskraft og eiga tyngde
- Det som gjer mest inntrykk i den nye omsettinga er kor rikt bibelspråket er når det får utfalde seg i litterært norsk språk. Her er høgstil og lågstil, enkel og dramatisk forteljing, høgstemt poesi. Bileta får stå slik dei er: alt er fåfengt, som å gjeta vinden, som det står. Når det meste blir for lett, står desse skriftene der med si eiga overtydingskraft og si eiga tyngde. Det blir fattig å leva utan dei, no kjem dei oss nærare enn nokon gong før, seier forfattaren Edvard Hoem.

Tekst: Oddbjørg Aasen Bjørdal


Professor Sylfest Lomheim
Ny vår for Bibelen

- Folk som tradisjonelt ikkje står verken kyrkje eller bedehus spesielt nær, har fått interesse for Bibelen. Bibelen har fått ein ”ny vår”, meiner professor Sylfest Lomheim ved Universitetet i Agder. Lomheim omtalar Bibelen som den viktigaste kulturboka i Vesten.

Bibelen har vore på dagsorden i mange nye fora og blitt bestseljar etter at den nye omsettinga blei lansert i fjor haust. Lomheim seier at medvitet om Bibelen som ei tekstsamling med kulturelle og litterære kvalitetar er annleis no enn for ein generasjon attende. Samstundes hevdar Lomheim at medan bibelinteressa er sterkare enn før, er kyrkjeinteressa svakare.

Sylfest Lomheim var ein av språkkonsulentane under omsettinga av den nye Bibelen, og fortel at nærlesinga av tekstene har opna auga hans for korleis Jesus brukte talen og samtalen for å påverka, endra og hjelpa menneska rundt seg.

- Det var ei glede å vera med på å forbetra tekstene - sterkare bildebruk, større og tydelegare stilsprang , strammare ordlegging (=færre ord) og oppretting av detaljar som rett og slett har vore feil omsett. Har aldri hatt maken til språkleg oppdrag – så lærerikt og så spennande, seier professor Sylfest Lomheim.