Gå til innhold

8 Selv om jeg gjorde dere sorgfulle med brevet mitt, angrer jeg ikke. Om jeg angret før, fordi jeg vet at brevet gjorde dere sorgfulle for en tid,

Arun Sok Nhep

Foto: Arun Sok Nhep

Biblar til Kambodsja og Vietnam

23. januar 2013. Kristin Winther Jørgensen, KPK

På årets Bibeldag samlar Bibelselskapet inn pengar slik at menneske i Kambodsja og Vietnam kan få sine eigne biblar.

Kambodsja og Vietnam har ei fortid prega av krig, undertrykking og forfølging. Etter slutten på Vietnamkrigen kom ei vanskeleg tid for dei kristne, med stengde kyrkjer og fengsling av mange leiarar. I dag er veksten i kyrkjene i Vietnam stor, og har fleire likskapstrekk med utviklinga i Kina, opplyser Bibelselskapet. Kyrkjene veks, både på landsbygda og i byane, og fleire biblar trengs for å kunne gje nye truande og unge menneske grundig opplæring i kristen tru. Bibelen er sjølve fundamentet for at kyrkjene skal vekse vidare, ifølgje Bibelselskapet.

– Kva trur de biblane vil tyde for dei som får?
– Vi veit at Bibelen har enormt mykje å seie for dei truande og forsamlingane. Det er ikkje få tårer som har falle når ein kristen for første gong heldt i sin eigen bibel. Bibelen styrkjer forsamlingane. Vi veit òg at det er ein klar samanheng mellom tilgjengelegheita på biblar og menneske som kjem til tru. Og ikkje minst er det viktig at Bibelen finst på folk sine eigne morsmål. Å lese eller høyre at Gud vender seg til deg på «hjartespråket» gjer Ordet kraftfullt, seier Bernt Greger Olsen, bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet.

Biblar til fengsel og til fattige
Bibelselskapet reknar med at det vil kome inn rundt 3,5 millionar kroner under årets Bibeldag. Pengane som kjem inn på Bibeldagen skal gå til å lære folk å lese gjennom bibellesing, biblar til fengsel, biblar til dei fattigaste av dei fattige, omsetjing og bibelspreiing blant minoritetar, biblar til ungdom og studentar.

– Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Prisen for å produsere biblar i Vietnam varierer frå 23 til 34 kroner, avhengig av kvalitet og storleik. 2 200 kroner er nok til å omsetje Bibelen i éi veke til eit nytt språk, seier Bernt Greger Olsen.

Også pengar til bibelomsetjing
Olsen fortel at eit oversyn over innkomne ofringar viser at omkring halvparten av norske kyrkjelydar og forsamlingar samlar inn pengar til Bibelselskapet sitt arbeid.

– I tillegg kan einskilde andre forsamlingar markere dagen på andre måtar - som òg inneber fokus på Bibelen og bibelarbeid. Bibelselskapet er ein økumenisk organisasjon, og sjølv om engasjementet for Bibeldagen kanskje er størst i Den norske kyrkja, deltek dei aller fleste kyrkjesamfunn i feiringa av dagen og med innsamlingar og ofring til bibelarbeidet denne dagen.

– Kvifor blir det samla inn pengar til biblar til Kambodsja og Vietnam i år?
– Bibelselskapet vel sjølv ut kva for land og folk som kvart år skal tilgodesjåast på Bibeldagen. Det er fleire omsyn som blir vektlagd. Mellom anna ynskjer vi å dekke alle dei delar av verda som har særlege behov. Det vert gjort godt synleg ved oversikten over prosjektlanda dei siste åra, seier Olsen. Pengane har gått til Etiopia, Kina, Cuba, Russland og Sentral-Asia.

– Det blir òg gjort strategiske vurderingar når landa blir valde ut. Kambodsja og Vietnam er område som tidlegare har vore prega av krig og grov forfølging av dei kristne. I dag finn vi kyrkjer i sterk vekst, samstundes er behovet for biblar stort - og mange minoritetsspråk manglar framleis Bibelen. Difor blir det òg samla inn pengar til bibelomsetjingsarbeid. Vi veit òg av røynsle at trua har svært god grobotn i land som har vore utsett for undertrykking og forfølging av dei kristne. Og når folk søkjer til Gud, då er det òg behov for biblar, seier Olsen.

Gav Gud lovnaden sin
Arun Sok Nhep er leiar og koordinator for Bibelselskapet sitt arbeid i Søraustasia. Frå 22. til 29. januar er han Bibelselskapet sin gjest, og vil vitje fleire norske forsamlingar og skular den tida han er i Noreg.
Arun Sok Nhep sat i fengsel då Raude Khmer hadde makta i Kambodsja. I fengselet avla han ein lovnad: Om Gud lèt meg kome ut herfrå, skal eg tene folket mitt i Søraust-Asia. I mange år gløymde han dette løftet.

– Men Gud gløymer ikkje. Det eg bad om den dagen i fengselet, er nøyaktig det arbeidet eg gjer i dag, seier Arun Sok Nhep.
Som leiar av Bibelselskapet sitt arbeid i Kambodsja, Vietnam og Laos er Arun Sok Nhep ansvarleg for å distribuere biblar til ei av verdas mest hurtigveksande kyrkjer. Som tidlegare soldat måtte han flykte under regimet til Raude Khmer, og han veit kor viktig Guds ord om lindring er til ein traumatisert nasjon. KPK

Gavekonto

Bibelselskapets kontonr:
3000.16.16869