Gå til innhold

17 Jesus dro nå opp mot Jerusalem. På veien tok han de tolv disiplene til side og sa til dem:

Meir enn ein million menneske har flykta frå det krigsherja Syria. Bibelselskapa hjelper flyktningane, men held òg fram med arbeidet inne i landet. Generalsekretæren i Det syriske Bibelselskapet oppmodar oss om å vere med dei i bøn om fred og forsoning.

Foto: Meir enn ein million menneske har flykta frå det krigsherja Syria. Bibelselskapa hjelper flyktningane, men held òg fram med arbeidet inne i landet. Generalsekretæren i Det syriske Bibelselskapet oppmodar oss om å vere med dei i bøn om fred og forsoning.

Faste- og bønedag for fred i Syria

07. mai 2013.

Laurdag 11. mai samlast alle dei kristne i Syria til faste- og bønedag for fred. Lat oss vere med våre kristne sysken i bøn den dagen. I kyrkjelydane kan dagen markerast i gdstenestene sundag 12. mai.

Midt i borgarkrigen i Syria lever dei syriske kyrkjene. Mange er råka. Samtidig arbeider kyrkjene for å spreia Guds ord, som gjev håp, trøyst og mot midt i ein vanskeleg situasjon. Den ortodokse kyrkja har nett avslutta påskefeiringa si, og mange søkte til kyrkjene, trass i grufulle valds- og stridshandlingar. Laurdag 11. mai skal alle kristne i Syria samlast til faste- og bønedag for fred.

Utfordringa er denne gongen formidla vidare av Bibelselskapet, som har nær kontakt med Bibelselskapet i Syria. Dei tener alle kyrkjene der med Guds ord. Følg med på situasjonen gjennom å lesa bloggen til bibelmisjonsleiar Bernt Greger Olsen.

Dei syriske kyrkjene utfordrar oss til å stå saman med dei i faste og bøn. Dette kan gjerast på fleire måtar. Ein kan samlast i heimane, på bedehuset og i kyrkjene, for å lesa nytt frå Syria og for å be for alle som bur i landet, og for dei kristne syskena våre. Ein kan òg lesa bloggen på eiga hand og be der ein er.