Gå til innhold

14 
Siden vi har en stor øversteprest som har gått inn gjennom himlene, Jesus, Guds Sønn, så la oss holde fast ved bekjennelsen!

Ei sida frå Codex Sinaiticus

Foto: Ei sida frå Codex Sinaiticus

Manuskriptet i klosteret

10. februar 2014.

I 1844 kom den unge forskaren Constantin von Tischendorf til Katarinaklosteret ved foten av Sinaifjellet, på leiting etter gamle bibelske manuskript.

Han fekk sjå seg ikring i biblioteket,men fann ikkje noko særskilt der.Men etter to nye besøk fekk Tischendorf sjå den største skatten i klosteret: Innpakka i eit raudt klede låg eit vakkert eksemplar av Bibelen på gresk. I Det gamle testamentet var ein del ark borte,men Det nye testamentet var komplett.

Manuskriptet fekk namnet Codex Sinaiticus. Det er skrive på fint pergament, handskrifta er vakker,og sidene er svært store (43 x 38 cm). Det blir datert til midten av 300-talet e.Kr.og er eit prakteksemplar av Bibelen, frå den første tida då kristendomen var statsreligion i Romarriket. For tekstforskinga har manuskriptet hatt mykje å seia. Det er det eldste heilt uskadde eksemplaret av NT som ein har funne. Manuskriptet viser korleis teksta til NT såg ut så tidleg som på 300- talet.

Teksta var mange stader forskjellig frå den som ein kjende frå før. Kjende avsnitt som Mark 16,9-16 og Joh 7,53-8,11 mangla heilt. Mange meinte difor at Codex Sinaiticus var eit dårleg manuskript med mange feil.Men dei siste 100 åra har ei mengd med nye manuskriptfunn stadfest at bibelteksta på 200- og 300-talet hadde slike forskjellar. Når det nokre stader i nyare biblar står fotnotar som seier at «verset manglar i dei eldste handskriftene»,er difor Codex Sinaiticus eit av dei manuskripta som ein siktar til.

Likevel viser Codex Sinaiticus at bibelteksta, trass dei forskjellane som finst,er overlevert med stor truskap heilt frå oldkyrkja og fram til vår eiga tid. Codex Sinaiticus vil også for framtida vera ein av dei største skattane i teksthistoria til NT. Manuskriptet har til og med fått si eiga nettside, der alle kan gå inn og granske det: www.codexsinaiticus.org.