Gå til innhold

46 Da sa Maria:

Danske Kurt Johansen (56) er Europa- og Asiadirektør for den kristne TV-kanalen SAT-7.

Foto: Danske Kurt Johansen (56) er Europa- og Asiadirektør for den kristne TV-kanalen SAT-7.

- Vi sender håp og glede!

14. august 2014.

Danske Kurt Johansen (56) er Europa- og Asiadirektør for den kristne TV-kanalen SAT-7. Han ønskjer at TV-sendingane skal formidle håp og glede i Midtausten og Nord-Afrika.

– Vi ønskjer å gje håp i ein håplaus situasjon. Det er så mykje som verkar håplaust i Midtausten og Nord-Afrika: Det er mangel på demokrati, på arbeid og på menneskerettar for kvinner - grunnleggjande rettar som vi tek for sjølvsagte.

– Det er ikkje berre kristne som har det vanskeleg. Men dei kristne stiller ofte lengst bak i køen. SAT-7 er med på å gje den kristne minoriteten håp og legitimitet i ei tid då dei blir undertrykte.

Ein firedel av gåveinntektene til SAT-7 kjem frå landa i Norden. Denne støtta er heilt avgjerande for at menneske i den arabiske verda skal få høyre evangeliet, seier Kurt Johansen.

SAT-7 sender på fem kanalar, tre av desse på arabisk. Sendingane når ut til heile den arabiske verda. SAT-7 har også den einaste kristne barnekanalen i Midtausten. Mange av borna som ser på, lever under fryktelege forhold.

– Ein tredel av syriske born er på flukt. Mange av dei har sett ting som ingen born bør sjå. Difor lagar vi program som skal hjelpe born med traumer og vonde minne.

– Vi vil òg hjelpe dei mange som er utan skulegang. I Syria er over 4.000 barneskular stengde som følgje av borgarkrigen. Kva skjer når millionar av born får skulegangen øydelagd? Vi arbeider no med å lage skule-TV, så borna kan få undervising via TV.

– Vi er ganske åleine om å sende håp og glede i Midtausten. Mange andre kanalar sender mest vald og hat. Det er nok av dårleg nytt frå Midtausten; vi vil sende program som gjev håp og glede, seier Kurt Johansen.

Ung kvinne i Damaskus, Syria
Du kan hjelpe den kristne tv-kanalen SAT-7 med å nå lenger ut blant kristne søsken i Midt-Østen.
«Jeg betrakter SAT-7 som min kirke hvor jeg opplever Guds helbredelse og trøst. Min mann og jeg kan ikke alltid gå i kirken på grunn av den usikre situasjonen i vårt land. Be for oss!»
(Kvinne 24, Irak)

Les mer

Gi en gave online eller bruk kontonummer: 3000.16.16869.
Merk gaven: "Prosjektnummer 403"