Gå til innhold

16 En gang han gikk langs Galileasjøen, fikk han se Simon og Andreas, bror til Simon. De holdt på å kaste not i sjøen, for de var fiskere.

Boka «Det store puslespillet – jakten på de eldste manuskriptene til Bibelen» av Hans J. Sagrusten kjem på Verbum forlag, hausten 2014.

Foto: Boka «Det store puslespillet – jakten på de eldste manuskriptene til Bibelen» av Hans J. Sagrusten kjem på Verbum forlag, hausten 2014.

Manuskripta i søppelhaugane

14. august 2014.

Historia om dei eldste manuskripta til Bibelen er ofte utruleg. Nokre av dei tidlegaste funna er gjorde i gamle søppelhaugar ved ein oldtidsby i Egypt.

Hunt og Grenfell i felten
Illustrasjon frå «P52 - historia om Bibelen»
Lunde Forlag 2007

I 1896 kom dei to britiske forskarane Bernhard Grenfell og Arthur Hunt til Egypt for å grave etter gamle manuskript. Dei starta arbeidet sitt ved oldtidsbyen Oxyrhynchus, som ligg ved Bahr Yusufkanalen vest for Nilen, om lag 160 kilometer sør for Kairo.

Landsbyen al-Bahnasa ligg i dag på denne staden. Etter at arabarane la den gamle byen øyde i år 641, vart ruinane dekte av sand, som ei forsegla historiebok.

Utanfor byen fann dei store haugar med søppel. Det var ikkje vanskeleg å gjera funn. «Berre du vende jorda med støvelen, kom meir papyrus til synes» skal Grenfell ha sagt. Med dagens terminologi kan vi seia at Grenfell og Hunt fann antikkens største papirinnsamling – eller rettare sagt: papyrusinnsamling. Lag på lag,i ei djupn på mange meter, kunne den skriftlege historia til byen lesast av.

Grenfell og Hunt vart opptekne med utgravingane i Oxyrhynchus livet ut. Om vinteren var dei i Egypt og leidde utgravingane, og om sommaren var dei heime i England og sorterte, registrerte og skreiv om funna sine. Frå 1910 var òg italienske forskarar med i utgravingane. Det var nok å ta av; på det meste var 100 mann engasjerte i utgravingane.

Det er funne rundt 100.000 større og mindre papyrusfragment i byen. Færre enn 10.000 av dei er publiserte så langt. Blant funna er både kjende, antikke diktverk og meir prosaiske kvardagsdokument – alt frå kjøpskontraktar og arrestordrar til private brev og hugselister.

Det må ha vore mange kristne i byen. Fleire enn 60 papyrusfragment med tekst frå Det nye testamentet er funne i haugane. Korleis dei hamna i papirinnsamlinga, veit vi ikkje. Kanskje kom dei frå bøker som var utslitne gjennom lang tids bruk? Ein annan teori er minst like spennande: Kan papyrusbitane vera restar av bøkar som vart øydelagde i ei forfølging?

Heile 54 av dei 127 papyrusmanuskripta som er funne til Det nye testamentet, kjem frå søppelhaugane i Oxyrhynchus.Dei fleste av dei blir daterte til tida kring 250–300 e.Kr., men eit par av dei er endå eldre. Det eldste fekk namnet Papyrus 90 (P.Oxy. 3523) og blir datert til den siste halvdelen av 100-talet e.Kr.

Papyrusfunna i Oxyrhynchus vart dei første i ei lang rad med funn utover 1900-talet. Dei viktigaste av desse skal vi presentere i dei neste utgåvene av denne spalta. Følg med!