Gå til innhold

1 Mange har forsøkt å gi en fremstilling av det som er blitt oppfylt blant oss,

Patriark Filaret var ein av delegatane under dialogkonferansen mellom russiske og ukrainske religiøse leiarar i Oslo 9. til 12. september.

Foto: Patriark Filaret var ein av delegatane under dialogkonferansen mellom russiske og ukrainske religiøse leiarar i Oslo 9. til 12. september.

- Start å lese i evangelia

18. september 2014.

Patriark Filaret er overhovud for den ukrainske ortodokse kyrkja (Kiev-patriarkatet). Patriarken deltok under konferansen mellom religiøse leiarar frå Ukraina og Russland som Bibelselskapet arrangerte i Oslo 9.-12. september.

Den gamle patriarken har nett feira 85-årsdagen sin. Korleis var patriarkens eigen veg til tru.

– Eg gjekk i kloster da eg var 21 år. Det er 64 år sidan no, smiler han.

– Etter at faren min døydde, spurde eg meg sjølv: Kan eg elske noko som ikkje finst? Eg elska jo framleis far min. Eg kom til at det var umogleg å elske noko som ikkje fanst. Altså måtte det finnast eit evig liv. Og dersom det fanst eit evig liv, måtte det finnast ein Gud. Og dersom det fanst ein Gud, var det einaste rette å tilbe han.

Patriark Filaret i Oslo Plaza Hotel
Patriark Filaret

I klosteret byrja han å lesa Bibelen grundig og systematisk. Kva vil han seia til ein som vil byrje å lese i Bibelen i dag?

– Eg seier alltid: Du må ikkje starte frå byrjinga, då møter du så mykje som er vanskeleg å forstå. Start med evangelia. Det er forteljingar som alle kan forstå, i eit språk som er enkelt.

Patriarken har prøvd korleis det er å leva under både ateismen eller materialismen. Kva er verst? 

– Ateismen er ein sterk motstandar som går rett imot trua på Gud. Men materialismen er verre; den kryp inn under huda på folk og fyller dei innanfrå.

Mange hadde avskrive kyrkjene og tenkte at det dei dreiv med, ikkje er relevant for vanlege menneske i dag. Men i dag søkjer folk til kyrkjene.

– Under opprøret og kampane fekk folk sjå at kyrkjene hjelpte alle. Vi opna dørene til klostra og kyrkjene, for å stelle dei som var såra og gje folk husrom. Då såg folk at kyrkjene er relevante også i dag. Folk søkjer til kyrkjene som aldri før.