Gå til innhold

44 Neste sabbat strømmet nesten hele byen til for å høre Herrens ord.

Broder Sebastian og fader Jihad var sist uke på norgesbesøk for å snakke om situasjonen i Syria og Nord-Irak. (Foto: Markus Plementas)

Foto: Broder Sebastian og fader Jihad var sist uke på norgesbesøk for å snakke om situasjonen i Syria og Nord-Irak. (Foto: Markus Plementas)

– Håpet er eit val

24. september 2014. Markus Plementas, KPK

Fader Jihad jobbar for dialog og forståing mellom kristne og muslimar i Syria. Men då krigen braut ut vart ikkje livet enkelt i klosteret Deir Mar Musa.

– Vi ønskjer å vise ømheit, nåde og venskap. Den beste måten å bryte ned fordommar mellom kristne og muslimar er å lære av kvarandre, seier fader Jihad.

Sist veke var han på noregsbesøk saman med broder Sebastian i samband med Drammen Sacred Music Festival, som Areopagos og Bibelselskapet i Oslo står bak.

Fader Jihad kjem frå Deir Mar Musa-klosteret i Syria. Han møter respekt og støtte frå muslimar for at han valde å ikkje flykte frå situasjonen i landet.

Broder Sebastian kjem frå søsterklosteret Deir Mayam som ligg rett over grensa til Syria, i Nord Irak. I tillegg har klostersamfunnet hovudbase i byen Sulaymania, like ved den iranske grensa.

Kidnappa

I over 30 år har dei vore eit dialogsenter for kristne og muslimar. Fram til opptøyane mot president Assad i Syria braut ut, var kvardagen eit relativt roleg tilvære. Dei jobba inn mot lokalmiljøa, tok imot besøkande, forvalta naturen og produserte geitost i samarbeid med lokale gjetarar.

– Då krigen braut ut i Syria vart alle aktivitetane ved klosteret stansa. Vi vart heilt isolerte frå omverda og hadde berre mat nok for ein månad. Ingen ville ha hjelpt oss, fortel fader Jihad.

Klosteret i Syria ligg i ørkenen, sju mil frå nærmaste by, Nabk. Men ein militærleir i nærleiken førte til at dei hamna i krysselden mellom opprørarar og regjeringssoldatar.

– Heile regionen vart utsett for bombing. Vi kunne høyre bombene rundt oss, og av og til kom skotvekslingane svært nærme. Det er Guds velsigning at klosteret vart liggjande urørt, fortel Jihad.

Grunnleggjaren av klostersamfunnet, Fader Paolo Dell’Oglio, som hadde bygd opp att det gamle steinklosteret til å bli ein stad for bøn og dialog mellom dei religiøse grupperingane i området, vart kidnappa av ei av islamistgruppene i Syria. Framleis veit ingen kor han er.

Tøff kvardag

Trass i valdsspiralen som etter kvart utvikla seg i Syria, valde munkane i klosteret å bli igjen for å hjelpe kristne og muslimar i området.

Dei væpna konfliktane har den siste tida roa seg monaleg, men framleis er livet vanskeleg for mange flyktningar og fattige familiar som har mista sine kjære og sine hus. Det er få jobbar, og daglegvarer og medisinar kostar opptil ti gonger meir enn normalt.

– Vi prøver å hjelpe så godt vi kan med pengar vi mottar frå kristne organisasjonar og frå vener i Syria, seier fader Jihad.

Vel håpet

Søsterklosteret Deir Mayam i Nord-Irak er fullt av syriske flyktningar. Den islamske stat (IS) har heldigvis liten påverknad her, trass i noko aktivitet i byen Sulaymania for nokre månader sidan.

– Dei har prøvd å bryte seg inn mange gonger, men har blitt slått tilbake, fortel broder Sebastian.

Begge er samde om at håp er eit val ein må ta. Dei har valt å bli igjen som kristne medmenneske, og er førebudde på å gjere ein stor innsats på tvers av ulike religiøse grupperingar også når krigen er over.

– Vi har håp, men håp er eit val. Vil ein som kristen halde fram med å bu i Midtausten må ein vere overtydd, seier fader Jihad.

KPK

Fakta:

  • Deir Mar Musa-klosteret ligg i nærleiken av byen Nabk, 50 kilometer utanfor Damaskus i Syria.
  • Klosteret tilhøyrer den syrisk-katolske kyrkja
  • Hovudkyrkja inneheld fresker frå 1100 og 1200-tallet
  • Klosteret har fokusert på dialogarbeid mellom ulike religiøse grupperingar.