Gå til innhold

1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, hilser de hellige *i Efesos•, de troende i Kristus Jesus.

Maria Birkedal (t.v.) og Marianne Thormodsæter tok initiativ til ein bibelaksjon som spreidde seg langt utover venekretsen.

Foto: Maria Birkedal (t.v.) og Marianne Thormodsæter tok initiativ til ein bibelaksjon som spreidde seg langt utover venekretsen.

Bibelglede i mars

05. januar 2015. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

I fjor laga Maria Birkedal og Marianne Thormodsæter ei hending på Facebook som dei kalla for «Bibelglede i mars». Tanken var å få med nokre av venene sine på ein aksjon som skulle vara i 30 dagar fram til påske.

Dei ville forplikte seg til å lesa i Bibelen 30 minutt kvar dag. Marianne laga ein enkel bibelleseplan som dei kunne følgje. Men ting gjekk ikkje heilt som planlagt; snart var det 1100 menneske som hadde meldt seg på. Det som starta som ein enkel ide for veneflokken, vart til inspirasjon for mange fleire.

I år satsar dei på nytt, denne gongen med ein breitt samansett komité i ryggen,og med støtte frå Bibelselskapet. Dei har fått med folk frå både Misjonssambandet, Indremisjonsforbundet og Studentlaget og satsar på at mange vil finne fram til «Bibelglede i mars» på Facebook også i 2015:

– Vi vil at det skal vera akseptert å lesa i Bibelen.