Gå til innhold

12 Derfor sier Israels Hellige:
Dere forkastet dette ordet,
stolte på vold og svik
og støttet dere til slikt.

«Vi kan trygt slå fast at teorien om at Jesu familiegrav er funnen, smuldrar heilt bort,» skriv Hans J. Sagrusten.

Foto: «Vi kan trygt slå fast at teorien om at Jesu familiegrav er funnen, smuldrar heilt bort,» skriv Hans J. Sagrusten.

«Kjell, son til Per» – eller «Jesus, son til Josef»

13. april 2015. Tekst: Hans J. Sagrusten

«Kor mange nordmenn heiter Kjell, har ein far som heiter Per og ein son som heiter Ole? Det kan vel ikkje vera snakk om andre enn éin bestemt Kjell?» Omtrent slik argumenterer dei som vil hevde at eit gravfunn i Jerusalem må vera gravstaden til Jesus frå Nasaret.

Mange mediar har omtala ei nyoppdaga familiegrav nær Jerusalem, der ein har funne kister med namn som lett fører tankane i retning av familien til Jesus:

  • Ein «Jesus, son til Josef»
  • To ulike kvinner som heiter «Maria» (kan den eine vera kona til Jesus?)
  • Ein «Josef» (Jesus hadde ein bror med dette namnet)
  • Ein «Judas, son til Jesus»
  • Dessutan ein «Matteus» som ikkje passar inn i det vi elles veit om familien til Jesus.
  • I tillegg trur ein at kista av «Jakob, bror til Jesus» som vart funne tidlegare, kanskje kan ha kome frå denne grava, men dette er usikkert.
Det er lett å tenkje at denne namnekombinasjonen må tyde på at det er Jesus og slekta hans som er gravlagd her. For Jesus må då vera eit svært uvanleg namn, tenkjer vi. Vidare tenkjer ein at det er minst tre store skandalar i dette funnet:
  1. Viss kista til Jesus er funnen, har han vel ikkje stått opp frå dei døde?
  2. Viss Jesus vart gravlagd saman med ei Maria, kan det ha vore kona hans?
  3. Kan Jesus ha hatt ein son som heitte Judas?
No har vi heldigvis tilgang til ny statistikk som kan hjelpe oss å sjå kor vanleg eller uvanleg denne namnekombinasjonen var. Lat oss sjå på nokre fakta:
  • Jesus var det sjette vanlegaste mannsnamnet i Israel på denne tida (Det var difor folk måtte presisere at det var Jesus «frå Nasaret» dei snakka om).
  • Maria var det aller vanlegaste namnet på kvinner (Det er difor det vrimlar av Maria-er i Det nye testamentet).
  • Alle namna på kistene som vart funne, var blant dei elleve vanlegaste i Israel på denne tida.
Statistikk frå 2003 (Harris) viser kva for namn som var dei mest brukte i Israel på denne tida (330 f.Kr. – 200 e.Kr) og kor mange personar dei er brukte om i alle skriftlege kjelder vi kjenner til:

Når det gjeld kvinner, var Maria det mest brukte namnet, framfor Salome, Shelamsion og Marta.

Når det gjeld namn på menn, var Josef nest mest brukt (Det var flest som heitte Simon), Judas var nummer fire, Jesus nummer seks, Matteus nummer ni og Jakob nummer elleve på lista.

Namna på kistene er altså nokre av dei mest brukte blant jødar i Israel på denne tida. Lat oss prøve å lage ei liknande historie med dei mest brukte namna i Noreg, slik vi finn dei på lista til Statistisk Sentralbyrå (ssb.no):

Blant norske kvinner er det flest som heiter Anne, følgt av Inger, Kari, Marit og Ingrid. Blant norske menn er det nest flest som heiter Per (Det er flest som heiter Jan), med Ole på fjerde plass, Kjell på sjette, Svein på niande og Hans på ellevte plass.

Lat oss no tenkje oss at ein fann ei norsk slektsgrav med desse namna på kistene. Var det då sikkert at denne namnekombinasjonen passa på berre éin familie? Døm sjølv:

  • Ein «Kjell, son til Per»
  • To ulike kvinner som heiter «Anne»
  • Ein «Per»
  • Ein «Ole, son til Kjell»
  • Dessutan ein «Svein» som ikkje passar inn i det vi veit om familien til Kjell.
  • I tillegg trur ein at kista av «Hans, bror til Kjell» som vart funne tidlegare, kanskje kan ha kome frå denne grava, men dette er usikkert.

Kan ein ut frå denne kombinasjonen av vanlege namn peike ut éin bestemt person eller éin bestemt familie? Det er sjølvsagt heilt umogleg. Det må finnast fleire titals, ja, kanskje hundrevis av norske familiar som har akkurat desse namna.

På same måte skjønar vi at dei få namna som er funne i ei familiegrav nær Jerusalem, på ingen måte treng å vise til familien til Jesus frå Nasaret. Tvert imot må det ha vore mange jødiske familiar med både ein Jesus, to Maria-er, ein Josef og ein Judas.

Når vi då legg til at namnet Matteus ikkje passar inn i slektshistoria til Jesus, og at den naturlege gravstaden for slekta til Jesus ville ha vore Nasaret, ikkje Jerusalem, kan vi trygt slå fast at teorien om at dette er Jesu familiegrav, smuldrar heilt bort. Det er ganske sikkert ein annan familie som er gravlagd i kistene som er funne nær Jerusalem.

Artikkelen på CNN.com som omtalar funnet, konkluderer då òg med at «the story doesn’t make sense» - historia heng ikkje i hop.

Lenkje: http://edition.cnn.com/2015/04/09/living/jesus-tomb-talpiot-evidence