Gå til innhold

11 Jeg er den gode gjeteren. Den gode gjeteren gir livet sitt for sauene.

Frå Codex Sinaiticus

Foto: Frå Codex Sinaiticus

Brukt i fleire hundre år

13. oktober 2015. Av: Hans Johan Sagrusten

Det finst i dag nesten seks tusen (ca. 5850) handskrivne manuskript av teksta i Det nye testamentet. To av dei mest kjende er to store manuskript frå midten av 300-talet: Codex Sinaiticus (biletet) og Codex Vaticanus, som er i svært god stand.

På slutten av 1800-talet kom det opp ein teori kvifor Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus hadde overlevd til vår tid: Dei måtte ha blitt lagt til sides, utan å bli brukte, og grunnen skulle vera at det var så mange skrivefeil i dei.

Ideen kom frå briten John W. Burgon, som ikkje ville at ein skulle bruke dei gamle manuskripta frå antikken som tekstgrunnlag når nye bibelomsetjingar skulle lagast. I staden skulle ein leggje dei mange manuskripta frå middelalderen til grunn, slik ein hadde gjort i dei store bibelomsetjingane på 1500- og 1600-talet, som Martin Luthers tyske omsetjing frå 1534 og den engelske King James-bibelen frå 1611.

Er det noko i ideen til Burgon? Er desse to store manuskripta frå antikken eigentleg kasserte eksemplar som aldri var i vanleg bruk i dei kristne kyrkjene?

Sanninga er at desse to manuskripta har uvanleg tydelege merke etter å ha vore brukte og lesne, ikkje berre på 300-talet, men i mange hundre år etter det. Mange ulike hender har gjennom hundreåra gjort merknader i margen og i teksta. Så seint som på 900-talet har nokon gått over alle bokstavane i Codex Vaticanus med nytt blekk, fordi skrifta hadde bleikna. Boka skulle altså brukast.

Codex Vaticanus er eit særskilt godt døme på at eit manuskript vart brukt og lese, stelt med og teke vare på i hundrevis av år. Når nokon meiner at manuskriptet har vorte lagt til sides, stemmer det altså ikkje. Manuskriptet har tvert imot vore i bruk i minst seks hundre år.

Om det er éin ting som kjenneteiknar dei eldste manuskripta vi har, er det at dei er godt brukte. Somme av dei har merke etter at dei har vorte reparerte. Dei kristne elska tydelegvis desse bøkene og las dei i filler. Nokre av fillene er ved eit Guds under bevart til vår tid.

Noko som er trist ved den typen påstandar som John W. Burgon kom med, er at ein indirekte kjem i skade for å tale nedsetjande om dei kristne i oldkyrkja. Desse brørne og systrene våre stod fast i trua gjennom forfølgingane i Romarriket, og med fare for sitt eige liv handskreiv dei stadig nye eksemplar av dei heilage skriftene. I staden for å rakke ned på bøkene der dei tok vare på orda om Jesus til vår tid, burde vi takke Gud for den truskapen dei viste og lesa bøkene deira med glede.

Les meir om gamle manuskript til Bibelen i boka Det store puslespillet av Hans Johan Sagrusten.

Det store puslespillet

Hans Johan Sagrusten

Jakten på de tidligste manuskripten...
Les mer 298,-