Gå til innhold

7 Da de gikk, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva dro dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden?

Forfattaren, dramatikaren og bibelomsetjaren Jon Fosse vart tysdag kveld tildelt Nordisk råds litteraturpris for 2015. (Foto: Det Norske Samlaget)

Foto: Forfattaren, dramatikaren og bibelomsetjaren Jon Fosse vart tysdag kveld tildelt Nordisk råds litteraturpris for 2015. (Foto: Det Norske Samlaget)

Bibelselskapet gratulerer Jon Fosse

28. oktober 2015.

Tysdag kveld vart det klårt at Nordisk råds litteraturpris gjekk til Jon Fosse. Dramatikaren og forfattaren var nominert for trilogien «Andvake» (2007), «Olavs draumar» (2012) og «Kveldsvævd» (2014), som vart gjevne ut som eitt bind i fjor.

Jon Fosse er knytt til Bibelselskapet gjennom arbeidet med den nyaste bibelomsetjinga, Bibel 2011, og han er med i omsetjinga av apokryfane - dei deuterokanoniske skriftene i Bibelen som no går føre seg.

Fosse er utan tvil Noregs mest kjende dramatikar etter Henrik Ibsen, og teaterstykka hans vert sette opp på scener over heile verda.

– Eg har fått mange prisar, men dei aller fleste har eg fått for dramatikken min, eller forfattarskapen generelt. Men eg er forfattar av lyrikk og prosa også. For meg er prosa minst like viktig som dramatikken. For tida skriv eg prosa, og så langt eg ser framover vert det prosa eg kjem til å skrive, og ikkje dramatikk. Denne prisen kom på eit rett tidspunkt, så takk - takk - takk for prisen, sa Fosse frå talarstolen.

Bibelselskapet gratulerer Jon Fosse med prisen.