Gå til innhold

44 Neste sabbat strømmet nesten hele byen til for å høre Herrens ord.

Bruk Bibelen!

Foto: Bruk Bibelen!

Eit år med Bibelen

29. april 2016. Tekst og foto: Hans J: Sagrusten

I år kan heile landet vera med og feire 200-årsjubileet til Bibelselskapet. Kva med å arrangere ei lokal bibelutstilling - eller ein heilt eigen variant av bibelmaraton?

I år vil vi inspirere til bibelbruk over heile landet. I september 2015 vart den nye aktivitetspakka BRUK BIBELEN send ut gratis til alle forsamlingar, både i Den norske kyrkja og i andre kyrkjesamfunn. Pakka er stor som ein bibel, raud og lett å finne på kyrkjekontoret.

No er det tid for å finne fram pakka og setja ideane ut i livet! Kva kan passe i lokalsamfunnet der du bur? Finst det ein turstig der ein kan ha ei bibelvandring med lesing frå ulike bøker i Bibelen? Kan ein lage ei lokal bibelutstilling saman med biblioteket eller historielaget?

Tanken med pakka er å setja alle dei lokale kreftene i sving med kreativitet og fantasi. I pakka finn ein ti små hefte med enkle idear til bibelbruk i lokalmiljøet. Blant hefta finn vi titlar som Bibelutstilling, Bibel-quiz, Bibelmat, Bibelvandring - og Bibelmaraton.

Bibelmaraton

I heftet som handlar om bibelmaraton finst det fleire forslag til korleis ein kan arrangere høgtlesing av Bibelen. Nokre forslag krev god tid og store ressursar, andre er enkle å gjennomføre sjølv i små forsamlingar:

  • Ein kan lesa på skift, dag og natt i 80 timar, altså ein full bibelmaraton.
  • Ein kan lesa Det nye testamentet på 20 timar og kalla det ein halvmaraton.
  • Eller ein kan lesa nokre kapittel til fast tid kvar veke.

I Spydeberg i Østfold har ein valt den siste varianten. På forsamlingshuset Ungdomssenteret er det bibellesing kvar torsdag kveld kl. 20.00. Gjennom 45 minutt byter ein på å lesa høgt frå Bibelen, vanlegvis fem kapittel kvar kveld; to frå Det gamle og tre frå Det nye testamentet.

Innimellom lesinga kan ein til dømes høyre på musikk frå ein CD eller syngje ein song. Samlinga er lagd opp så enkelt at den som har ansvaret, kan koma kl. 19.45, låse opp døra og slå på lyset. Kvar torsdag kveld er det ein flokk som sit og høyrer fleire kapittel frå Bibelen i samanheng.

Festførestelling på turne?

Det blir ikkje berre folk i Oslo som får oppleva at 2016 er eit år med Bibelen i sentrum. I september 2016 er det planen at festførestellinga «Bibelen» med Hanne Krogh og andre dyktige artistar skal ut på turne. Kanskje kjem førestellinga til ein by i nærleiken av der du bur?

Til sist - det viktigaste med 200-årsjubileet er ikkje dei store markeringane, men at kvar einskild av oss kan gjera 2016 til eit år med Bibelen. Som den koptiske paven Tawadros II frå Egypt sa då han gjesta Noreg i 2014: «Du må aldri lata att Bibelen! Lat Bibelen alltid liggje open. For då vil Bibelen kalle deg til å lesa vidare neste gong du går forbi.»

Tilbake til innholdsoversikten