Gå til innhold

1 Ve dem som gir urettferdige påbud
og skriver undertrykkende forskrifter,

<strong>Allmenn kunnskap:</strong> – Bibelverskampanjen på bussar og trikkar i Oslo er ei investering i allmenn kunnskap, seier Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet. (Foto: Ingunn Marie Ruud, KPK)

Foto: Allmenn kunnskap: – Bibelverskampanjen på bussar og trikkar i Oslo er ei investering i allmenn kunnskap, seier Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet. (Foto: Ingunn Marie Ruud, KPK)

Slik blir Bibelen synleg i Oslo

27. mai 2016. Av: Ingunn Marie Ruud/KPK

Bibelselskapet feirar 200 år denne veka og sørgjer for at Bibelen blir både synleg og høyrleg i hovudstaden.

Bibelselskapet ønskjer å gjere Bibelen synleg og aktuell for folk flest i Oslo under markeringa av 200-årsjubileet denne veka.

Generalsekretæren i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen, trekkjer særleg fram to punkt i programmet der Bibelen blir sloppe ut i friluft.

– Det eine er Bibelmaraton der 40-50 personar skal lese Bibelen høgt frå perm til perm i domkyrkjeparken gjennom heile festivalen. Dei startar klokka 9 på torsdag og held på fram til søndag klokka 19 før siste bok i Bibelen blir lese inne i domkyrkja, fortel ho.

Det andre konkrete tiltaket som gjer Bibelen synleg er kampanjen med bibelvers på hovudstaden sine bussar og trikkar.

– Desse bussane og trikkane har 2,8 millionar reisande i løpet av ei veke, seier Mongstad-Kvammen.

Allmennkunnskap

Ein reklamekampanje på bussar og trikkar i Oslo sentrum er ikkje gratis. Mongstad-Kvammen kan fortelje at reklamekampanjen kostar Bibelselskapet 275 000 kroner.

– Vi ser på det som ei investering i allmennkunnskap. Bibelselskapet har eit styre som er framoverlent og som ønskjer å bruke jubileet for å nå visjonen vår om å opne Bibelen for alle. Der er buss- og trikkekampanjen eit viktig element, seier ho.

Negative og positive reaksjonar

Mongstad-Kvammen fortel at reaksjonane på buss- og trikkekampanjen har vore ulike.

– På sosiale medium ser vi både negative og positive reaksjonar. Bibelen er ei bok som engasjerer og det er vanskeleg å halde seg nøytral til den. Det hadde vore verre for oss om folk ikkje brydde seg i det heile tekne og var likegyldige, seier ho.

Generalsekretæren fryktar ikkje at kampanjane skal føre til meir aggressive ateistar.

– Vi har ikkje sett mykje til den typen ateisme i Noreg. Eg opplever at vi her i landet har ein god og rein religionssamtale både mellom truande og med ikkje-truande.

Utestad og kino

At mykje av programmet under Bibel-festivalen er i Oslo Domkyrkje er kanskje ikkje så overraskande, men Mongstad-Kvammen fortel at dei også spreier seg ut på mindre sjølvsagde stader i hovudstaden.

- Vi ønskjer å gi bibelopplevingar gjennom ulike kulturutrykk som for eksempel ungdomsfesten Jesus Loves Electro and U på utestaden Ballroom, fortel ho.

Under Bibel-festivalen blir det arrangert fleire «festivalar i festivalen». Blant anna er det ein bibelforteljingsfestival med profesjonelle forteljarar og ein liten filmfestival kalla «Tro på lerretet».

– «Tro på lerretet» viser sju ulike filmar på Saga kino som på kvar sin måte tek opp bibelske tema, fortel Mongstad-Kvammen.

Blant filmane finn vi Erik Poppes De usynlege, Legenden om Narnia, Leviatan og fjoråret sin storfilm om Noah.

Bokbad og humor

Bibelen skal, ifølgje Mongstad-Kvammen, også bli synleg i Oslo sine bokhandlarar under festivalen.

– Alle bokhandlane i sentrum vil i løpet av laurdagen ha bibelske bokbad der Alf Kjetil Walgermo samtalar med forfattarar som bidrog til boka Bibeldikt som vi gav ut for litt over eit år sida, fortel generalsekretæren.

Ho trekkjer også fram festframsyninga på Oslo konserthus og humorshowet «Bibel og Babbel».

– Eg trur Bibelen kan bli overraskande synleg på Latter på Aker Brygge med dette showet.

KPK