Gå til innhold

15 Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!»

Staben i KABB med eit eksemplar av den nye punktbibelen.

Foto: Staben i KABB med eit eksemplar av den nye punktbibelen.

Bibelen i punktskrift

12. januar 2017. Av: KPK/Bibelselskapet

Den største bibelen i landet er klar - for den som har ei solid bokhylle og kan lesa punktskrift.

Den nye bibelen fyller tre hyllemeter og veg 40 kilo, opplyser utgjevaren KABB (Kristent Arbeid Blant Blinde og Svaksynte). Det er den nye bibelomsetjinga frå 2011 som no blir tilgjengeleg i punktskrift, fem år etter at den vanlege trykte versjonen var klar.

– Vi er stolte og glade over at dette prosjektet endeleg er i hamn. Det er rundt 2.000 blinde i Noreg som meistrar punktskrift så godt at dei helst vil lesa dette framfor å bruke lydbøker, seier generalsekretær Ingvar Nevland i KABB.

Den nye bibelutgåva er delt opp i 103 hefte, så det skal vere lettare å ta fram berre den delen ein har bruk for.

Prest Magne Bjørndal skildrar utgivinga som eit likestillingsprosjekt. Bjørndal er blind og har vore konsulent for punktbibelen:

– Som prest brukar eg Bibelen kvar dag i arbeidet mitt, og eg har verkeleg sakna ein oppdatert punktskriftsversjon. Punktskrift er mitt skriftspråk, slik vanleg trykt skrift er det for sjåande, fortel han.

– Dette er årets glade nyhende! Eg er overtydd om at det er mange bibelbrukarar som har venta på Bibel 2011 i punktskrift, og no er han her. Tusen takk til KABB, seier generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen.

Når KABB no lanserer punktbibelen, skjer det i samarbeid med Bibelselskapet og Norsk lyd– og blindeskriftbibliotek (NLB). Bibelen i punkt kan tingast hos KABB og blir rekna som eit livstidslån. Brukaren kan tinga heile eller delar av Bibelen og få han vederlagsfritt tilsend i posten. Punktbibelen er til sals for kyrkjer og forsamlingar.

Tilbake til innholdsoversikten