Gå til innhold

10 Men de var trassige
og gjorde hans hellige Ånd sorg.
Så ble han en fiende for dem,
han kjempet selv imot dem.

Antologien<em>Bibeldikt</em> er redigert av Alf Kjetil Walgermo (t.v.) og Jan Ove Ulstein.

Foto: AntologienBibeldikt er redigert av Alf Kjetil Walgermo (t.v.) og Jan Ove Ulstein.

Bibeldikt

19. september 2014.

Ei gruppe skjønnlitterære forfattar stod sentralt i arbeidet med den nye bibelomsettinga som kom i 2011. Det litterære prosjektet Bibeldikt tek samarbeidet eit skritt vidare og viser at Gud for alvor er attende i skjønnlitteraturen: I ei og same bok skriv 88 norske forfattarar dikt i samtale med bibeltekstar.

Formålet med prosjektet har vore å sette forfattarane i kontakt med den nye bibelomsettinga, og sjå kva som skjer i møtet med bibeltekst. Resultatet har vore overveldande. Mange av dei fremste poetane i Noreg er med, og dei byr på eit vell av litterære tilnærmingar. Bibeldikt er blitt ei unik og nyskapande bok.

Nokre stemmer vi gjerne skulle sett på trykk, har av ulike grunnar ikkje funne høve til å bidra i boka. Men langt dei fleste har takka ja, så redaktørane i realiteten har hatt eit luksusproblem. Det finst mange sterke forfattarnamn som det rett og slett ikkje blei plass til i denne boka. Dei 88 forfattarane som har fått plass, viser både ei stor breidde og ei stor djupne i den norske samtidslyrikken.

Forfattarane nærmar seg bibeltekstane både tvilande, truande og undrande. Her finst både politiske dikt, økologiske dikt, teologiske dikt og kjærleiksdikt, med mykje meir. Somme skriv seg rett inn mot bibelteksten, mens andre brukar han først og fremst som eit utgangspunkt. Den kyrkjelege tekstrekka (I) har vore eit strukturerande prinsipp for antologien, mens forfattarane har skrive med fritt mandat. Til saman skriv dei seg gjennom eit heilt kyrkjeår.

Bibeldikt er den tredje boka Verbum gir ut i etterkant av bibelomsettinga, der dei to første var Bibelsk og Bibelen 3.0. Undervegs har mange av dikta blitt trykte i avisa Vårt Land, som har vore ein samarbeidspartnar i prosjektet.

Responsen frå forfattarane har vore svært god. Nokre uventa fullklaff har vi også opplevd undervegs, som då Hilde Myklebust fekk tildelt ein tekst om fødsel mens ho sjølv gjekk gravid. Rett nok har vi i dei fleste tilfelle prøvd å kople forfattarane på ein spesifikk tekst. Hovudpoenget har vore å finne bibeltekstar som kvar forfattar kunne finne ein litterær inngang til. Jon Fosse var den første som leverte, i poetisk samtale med Jesaja.

Bibelen er ein heilt essensiell del av kulturen vår. Men kanskje er samfunnet blitt meir ope enn før? Der mange forfattarar for nokre tiår sidan møtte Bibelen med berøringsangst og skepsis, er dei no med på å forme han. Det ikkje lenger tabu for forfattarane å skrive i uttalt samtale med Bibelen. Bibeldikt gir deg 88 gode døme på det.

Bibeldikt

I en og samme bok skriver 87 norske...
Les mer 298,-