Gå til innhold

44 Neste sabbat strømmet nesten hele byen til for å høre Herrens ord.

Stein Mydske er generalsekretær i Det Norske Bibelselskap.

Foto: Stein Mydske er generalsekretær i Det Norske Bibelselskap.

2011 eit merkeår for Bibelselskapet

24. april 2013. KPK, Ole Andreas Husøy

2011 blir eit merkeår for Bibelselskapet. 19. oktober vert den nye norske bibelomsetjinga lansert - med nasjonal markering i Oslo domkyrkje og i Oslo sentrum elles. Seinare med lokale markeringar utover i landet.

Generalsekretær Stein Mydske i Bibelselskapet seier at ein gjennom markeringane vil symbolisere at dette er ei viktig hending for kyrkja og for folket. Markeringa skjer i samarbeid med kyrkjesamfunn og organisasjonar. Han håpar interessa for Bibelen blir stimulert ved at ei ny bibelutgåve kjem på marknaden.

Vår felles arv
- Dette er ikkje berre Bibelselskapet si bok. Det er snakk om vår felles arv, poengterer Mydske.
- Korleis trur du den nye bibelomsetjinga blir motteken?
- Ut fra dei reaksjonar vi har fått så langt, trur eg den blir positiv. Vi har hatt prøvetekster liggjande ute på nettet for å få reaksjonar på dei. Vi har fått flest positive, men også nokre kritiske kommentarar undervegs. Typisk for arbeidet vårt med den nye omsetjinga har vore ønsket om openheit og kontakt med folket. Det har gitt oss nyttige tilbakemeldingar, seier Mydske.
Bibelomsetjinga vart godkjent i Bibelselskapet sitt styre like før jul.

Bokmål og nynorsk samtidig
Den nye bibelomsetjinga kjem samtidig både på bokmål og nynorsk.
- Det har vore eit viktig poeng for oss, seier generalsekretæren.Han trur den nye bibelomsetjinga vil hjelpe bibellesarane til å sjå meir av mysteriet.- Men nokre vil kanskje reagere på at den ordlyden dei har blitt vande med og glade i, er endra i nokre samanhengar?
- Nettopp difor tilrår vi folk å bruke fleire bibelutgåver. Hald fram med å bruke den du er vant til, men ta samtidig også den nye omsetjinga i bruk, er det rådet Mydske gir til erfarne bibellesarar.

Gullår?
- Blir 2011 et "gullår" for Bibelselskapet når det gjeld bibelsal?
- Vi sel den eksisterande utgåva fram til oktober. Så er vi spente på korleis salet av den nye utgåva blir dei siste par månadene før jul. Vi har lagt visse prognosar ut frå erfaringane då det kom ny bibelutgåve i 1978 og då det kom ny utgåve av Det nye testamentet i 2005. Vi har budsjettert forsiktig, men litt optimistisk, seier Mydske.
Han trur innsalet av den nye bibelomsetjinga vil halde fram også i 2012. Då kjem det dessutan fleire nye utgåver når det gjeld storleik, innbinding og så bortetter.

Bibeldagen
Men lenge før ein kjem til lanseringa av den nye bibelomsetjinga i oktober, skal den årlege bibeldagen markerast. I 2011 finn den stad helga 19.-20. februar. I år har ein sett Kina i fokus, og dei pengane som samlast inn skal gå til å subsidiere papir til trykking av biblar i Kina.

– Det var eit lite eventyr då ein fekk etablert eit bibeltrykkeri i Kina i 1987. Kinesiske styresmakter tillet ikkje import av biblar, men det er ok med biblar som trykte i Kina. Biblane vert distribuerte mellom anna gjennom utsalsstader i kyrkjene, også i dei uregistrerte kyrkjesamfunna. Bibelen er i tillegg til kinesisk også tilgjengeleg på nokre av minoritetsspråka i landet, fortel Stein Mydske. Bibeltrykkeriet i Kina trykker ikkje berre biblar for heimemarknaden. Mydske synest nesten det er utruleg at verdas største land no er blitt ein av verdas største bibeleksportørar.


KPK
  • Forståelig for mennesker i dag
  • Bygger på de eldste håndskriftene
  • Mest benyttet i menighetene
  • En bibel barn og unge er kjent med
  • Bibelselskapet støtter bibelarbeid i hele verden

Les mer om Bibel 2011