Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

Queue in front of a bookshop

Foto: Queue in front of a bookshop

Eittårsdag med dramatisk vri

24. april 2013.

Det Norske Teatret danna ei naturleg ramme då eittårsdagen til Bibel 2011 skulle feirast. Den viktigaste teksten i verdslitteraturen blei heidra både med ei ny bibelutgåve og billettslepp til “Bibelen” for teaterscena.

Fredag 19. oktober var det eitt år sidan lanseringa av den nye folkebibelen på norsk. I nesten heile perioden har Bibelen vore på bestseljarlistene. 52 ulike utgåver har blitt utgitte på bokmål og nynorsk, og sjølve Boka blant bøkene har selt i snart 145 000 eksemplar. – Det er nesten tre gongar så mange som i eit normalår, jublar generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen i Bibelselskapet som også gler seg over den positive mottakinga Bibelen har fått.

Bibelen som litteratur og drama

– I det store nybrottsarbeidet det er å setje Bibelen i scene, er det nettopp dei litterære og dramatiske kvalitetane ved teksten vi tek utgangspunkt i, fortel regissør Stein Winge ved nynorskteatret i Oslo. Ein kunne vanskeleg ha funne betre stad og høve til å lansere praktverket «Litteraturutgåve av Bibelen» på nynorsk. Samstundes opna også teatret førehandssalet til framsyninga som skal ha urpremiere 1. februar neste år. Som ein første forsmak las Bjørn Sundquist frå Forkynnaren om alt som er fåfengt og forgjengeleg.

Sjefsdramaturg Carl Morten Amundsen kunne avsløre at førebuingane til Bibelen for scena allereie var i gong. I «Bibelen» skal Sundquist ha rolla som Gud medan Torbjørn Eriksen skal spele Jesus.

Eitt år med ny bibel

Bibelomsetjar og forlagsredaktør Hans Olav Mørk og forfattar Oskar Stein Bjørlykke synte dei frammøte gratulantane kvifor den nye Bibelen har blitt så godt motteken. Mørk viste korleis dei bibelske metaforane, som til dels var forsvunne frå den førre omsetjinga, har kome inn att i Bibel 2011 – og ført tekstane nærare til grunnspråka. Dei språklege bilda opnar såleis for nye dimensjonar i dei heilage tekstane.

– Somme har reagert på at vi har teke ut høgstemte ord frå bibelteksten, og nokre har meint at ein såleis fjernar noko av det poetiske i språket, seier Bjørlykke. Han tek utgangspunkt i englesongen (Luk 2,14) og hentar døme på omsetjingsval i tidlegare bibelutgåver. I 2011 skjedde det ei viktig fornying av bibelspråket.

– Verken Jesus eller Paulus gjekk rundt og snakka i høgstemte vendingar. Poesi blir ikkje berre skapt ved at orda kling godt, poesi er ikkje mystifikasjon, men presisjon, påpeikar Bjørlykke.

Ei umogleg oppgåve

– Vi ønskjer å vise at bibelforteljingane talar til oss, at dei seier noko om kva det er å vere menneske, seier regissør Stein Winge. Han kunne avsløre at både den bibelske ørkenvandringa og Bergpreika er gjennomgangstema for framsyninga som kjem for scena neste år. Skulle ein dramatisert Bibelen heilt gjennom hadde framsyninga teke over 5 døgn.

– Det seier seg sjølv at det er umogleg på teater, men no er oppsetjinga planlagt å vare i seks timar med pause, fortel sjefsdramaturg Carl Morten Amundsen ved Det Norske Teatret. Derfor er tekstar velt og fråvelt. Teatret vil nok velje kreative og uvande tilnærmingsmåtar til bibelteksten.

– I helgene vil teatret syne heile framsyninga, medan ho i vekedagane blir delt i to, der Det gamle testamentet setjast opp den eine dagen og Det nye testamentet den neste, seier Amundsen.

Den svenske forfattaren Sara Stridsberg har skrive ein uhyggjeleg og uvanleg slutt på stykket, fortel regissør Stein Winge, men seiar ikkje meir om den saken. Vi kan berre spekulere i kva det inneber. For dei som vil finne ut av det, er det ikkje anna å gjere enn å tinge billett til framsyninga.

Bibelen

Den verkelege historia og dei verkelege dramaa, for dei er det mange av i Bibelen, finn ein likevel best ut av ved å lese sjølv. Den nye litteraturutgåva kan tingast i Bibelselskapets nettbokhandel eller i bokhandelen nær deg.