Gå til innhold

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår profetene i hjel og steiner dem som er sendt til deg! Hvor ofte ville jeg ikke samle barna dine som en høne samler kyllingene under vingene sine. Men dere ville ikke.

Frøydis og Caroline Lehmann studerer manuskriptet til far sin saman med bibelomsetjar Anders Aschim. (Foto: Dag Kjær Smemo)

Foto: Frøydis og Caroline Lehmann studerer manuskriptet til far sin saman med bibelomsetjar Anders Aschim. (Foto: Dag Kjær Smemo)

Ei hebraisk-nynorsk bibelordbok

06. januar 2012.

Eigil Lehmann (1907-2009) var prest og filolog. Han har mellom anna gitt ut Ordbok for Det nye testamentet (1955) og den utvida utgåva Ordbok for Det nye testamentet – nynorsk med tilvising til gresk grunntekst (1988).

Dei siste leveåra sine arbeidde han med eit manuskript til ei liknande hebraisk-norsk bibelordbok for Det gamle testamentet. Denne boka blei aldri utgitt. I desember 2010 leverte døtrene Frøydis og Caroline Lehmann manuskriptet til handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. No er manuskriptet gjennomgått og ordna av bibelomsetjar Anders Aschim i Bibelselskapet. Kopi av ordlista er tilgjengeleg i pdf-format på vevstaden bibel.no, medan sjølve manuskriptet er tilgjengeleg på spesiallesesalen i Nasjonalbiblioteket.

”Alfabetisk ordlista yver uppslagsord i nynorsk bibel rev. umsetjing 1938” er først og fremst av interesse for dei som arbeider med historia om norsk bibelomsetjing. Høgnorskmannen Lehmann har lagt den klassiske ”Indrebø-bibelen” til grunn for ordlista.

Manuskriptet (PDF)

Eigil Lehmann: Hebraisk-norsk ordbok

Eigil Lehmann: med tilvising til hebraisk-norsk [SIC] ordbok for Det gamle testamente og sidetal i G...
Les mer