Gå til innhold

6 Men da jeg var underveis og nærmet meg Damaskus ved middagstid, strålte det plutselig opp et lys fra himmelen rundt meg.

Anders Aschim er bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskapet.

Foto: Anders Aschim er bibelomsetjar i Det Norske Bibelselskapet.

I verkstedet for bibeloversettelse

08. august 2013. Hans J. Sagrusten

Kan nyrene våre jubla? Korleis skildrar ein lyden av total stille? Og kva fekk Dødehavsrullane å seia for den nye bibelomsetjinga Bibel 2011?

Slike spørsmål svarar den nye boka Bibelen 3.0 på. Boka er skriven av Anders Aschim, ein av dei sentrale medarbeidarane bak Bibel 2011. Boka har ein lettfatteleg og populær stil. Ein treng altså ikkje å kjenne teologiske faguttrykk for å henga med i svingane. Samtidig gjev boka svært mykje informasjon om alt arbeidet som ligg bak Bibel 2011.

Den noko kryptiske tittelen Bibelen 3.0 treng ei lita forklaring. Dataprogram kjem gjerne ut med tal som 1.0, 2.0 og 3.0. Eit nytt tal viser at programmet har kome i ny utgåve. Slik viser tittelen Bibelen 3.0 at det no er den tredje nye utgåva av Bibelen som kjem ut i Noreg. Den fyrste heilt nye omsetjinga kom i 1904 og vart revidert i 1930, den andre kom i 1978 og den tredje i 2011.

«Kva er nytt i Bibel 2011, og kva kunne ha vore annleis?» spør Aschim i baksideteksta til boka. Svaret gjev han i om lag 80 korte kapittel, kvart på 2-3 sider. Boka er med andre ord lett å lesa i mindre porsjonar. Kvart kapittel gjev innsikt i ei konkret problemstilling frå omsetjingsarbeidet. Nokre døme på slike problemstillingar er «Inkluderande språk», «Vår Far» og «Herberget».

Fokus er altså på det som er endra frå den førre omsetjinga. Artiklane gjev interessante innblikk i kva omsetjarane streva med og kva dei syntest var utfordrande. Boka gjev gode svar på kvifor ein valde som ein gjorde i mange konkrete vers. Men her er òg meir prinsipiell artiklar om korleis Bibelen skal omsetjast.

Anders Aschim starta ved nyttår opp som professor ved Høgskulen i Volda, etter sju år som bibelomsetjar i Bibelselskapet. Han har tidlegare skrive den store biografien om Elias Blix og har teke ein doktorgrad om Blix. I denne nye boka viser han språkleg meisterskap ved å veksla mellom bokmål og nynorsk. Han skriv enkelt og lett forståeleg om vanskelege emne. Det er godt gjort.