Gå til innhold

5 
I de dager da Herodes var konge i Judea, var det en prest i Abias vaktskift som het Sakarja. Hans kone var også av Arons ætt og het Elisabet.

I boka «Det store puslespillet» viser Hans Johan Sagrusten (bildet) hvordan virkelige historiske hendelser, fortalt i et fengende språk, overgår både fiksjonen og fantasien.

Foto: I boka «Det store puslespillet» viser Hans Johan Sagrusten (bildet) hvordan virkelige historiske hendelser, fortalt i et fengende språk, overgår både fiksjonen og fantasien.

Til kjeldene

26. mars 2015. Tekst: Dag og Tid/Gjert Vestrheim

Denne boka kan vonleg bøte på kunnskapsløysa om overlevering av bibeltekstene.

Kunnskapsløysa om kyrkjehistorie i norsk ordskifte er bortimot grenselaus. Det hadde ikkje gjort så mykje om ho ikkje også var kombinert med klåre oppfatningar om korleis det eigentleg var: Kyrkjeminister Trond Giske meinte at på 1600-talet diskuterte kyrkja om kvinna hadde sjel. I eit intervju med Jon Hellesnes her i bladet i fjor kunne ein lese at «at Jesus er guddomleg, er noko kyrkjemøtet i Nikea fann på i 325». I Klassekampen skriv Hans Jacob Orning, professor i eldre historie (!), at menneska i mellomalderen meinte Jesus «hadde angret sine synder. Og menneskene kunne følge Kristi eksempel. De kunne angre, og dermed likne ham». Mens biskop Jørgensen i Sør-Hålogaland har fortalt til NRK at mengda av «ben og knokler etter Jesus» i «de katolske kirkene» er så stor at det er «åpenbart» at ikkje alle kan vere ekte.

Ukunna rår
For ordens skuld: Der har aldri i kyrkjesoga vore nokon tvil om at kvinna har sjel. At Jesus er guddomleg, fri frå synd og stod opp frå dei daude, er sentrale poeng i Nytestamentet, som for størstedelen er skrive i det 1. hundreåret, og dei vert gjentekne av andre forfattarar i dei neste par hundreåra. Og sidan Jesus stod opp frå dei daude, har aldri nokon kristne påstått at dei har den daude lekamen hans. Diverre skjer det altfor sjeldan at teologar eller andre sakkunnige tek seg bryet med å korrigere avisender som dette, og konspirasjonsteoriane florerer, ikkje minst når det gjeld det som er temaet for Sagrustens bok, nemleg overleveringa av tekstane i Bibelen.

Difor er dette ei viktig og nyttig bok. Dessutan er ho velskriven og spanande. Sagrusten syner korleis manuskriptforskinga gjennom dei par siste hundreåra er komen stadig nærare originaltekstane, først ved hjelp av 300-talsmanuskripta Codex Sinaiticus og Codex Vaticanus, seinare gjennom endå eldre papyrusfragment frå Egypt. Desse papyrusfunna er mange og store nok til å kunne avkrefte ein eldre teori om at tekstane vart reviderte på 300-talet. Særleg viktig er eit fragment av Johannesevangeliet som er datert til om lag 125: Det syner at skriftet er eldre enn forskarane trudde. og i dag meiner ein at dette yngste av evangelia vart nedskrive rundt år 100.

Handskrifta avslører deg
For ekspertar er det mogeleg å gjere slike dateringar på grunnlag av handskrifta, for handskrifta endrar seg mellom generasjonane, akkurat som talemålet. Ingen av lesarane vil ta feil av eit opptak frå radio i 1960 og eit frå i dag, og skilnadene er ikkje mindre klåre i handskrifta. Her finst også ulike skular og regionale variasjonar som gjer at gamle manuskript kan plasserast i tid og rom med forbløffande presisjon. Sagrusten nemner til dømes at «spørsmålstegnet hadde en spesiell sleng i Lyon på 800-tallet».

Dette er kodikologi, det vil seie vitskapen om kodeksar, altså handskrivne bøker, og mykje av det Sagrusten skriv om, gjeld heilt allment for overleveringa av antikke tekstar. Ved avskrift er det lett å gjere feil; difor må tekstkritikaren studere korleis feil oppstår, slik at han kan identifisere dei beste handskriftene. Bibelforskarane er heldige, for variasjonane mellom manuskripta er etter måten små, og for Nytestamentet er dei eldste fragmenta nesten like gamle som teksta sjølv. Med Gammaltestamentet er det annleis, men der har funnet av Dødehavsrullane no gjort det mogeleg å kome lenger attende i tida.

Erasmus av Rotterdam. Dei siste versa i det greske Nytestamentet sitt måtte han, i mangel av tilgjengelege manuskript, sjølv setje om frå latin, men han lest som ingenting. Målarstykke av Hans Holbein d.y. 1523. (Kjelde: Wikimedia Commons)
Erasmus av Rotterdam. Dei siste versa i det greske Nytestamentet sitt måtte han, i mangel av tilgjengelege manuskript, sjølv setje om frå latin, men han lest som ingenting. Målarstykke av Hans Holbein d.y. 1523. (Kjelde: Wikimedia Commons)

Fargerik historie
Tekstkritikk er altså ikkje å kritisere det som står i teksta, men å finne ut kva som skal stå der. Dette gjeld òg for den vidgjetne kritiske utgåva av Nytestamentet som Erasmus av Rotterdam fekk trykt i 1516. Dette var noko av eit hastverksarbeid. Ei konkurrerande utgåve låg ferdig trykt i Spania og venta på Gammaltestamentet så dei kunne gjevast ut saman, men Erasmus vann kampen ved å vere først ute og overfløymde marknaden med eit rimelegare produkt, om lag slik VHS i si tid utkonkurrerte Beta på videomarknaden. Erasmus hadde berre nokre få og ikkje særleg gode manuskript å byggje på, og i siste liten synte det seg at han mangla sistesida i Johannes' openberring. «Derfor oversatte han de seks siste versene fra latin til gresk og lot som ingenting.»

Framstillinga er krydra med slike scener. Dei beste er dei som har eit handfast dokumentarisk grunnlag, som når restane av eit vidgjete manuskript vert plukka opp frå gardsplassen etter herjinga av synagogen i Damaskus i 1947, eller forhøyrsscena frå kristenforfylgingane i 303-05, då alle biblar skulle brennast. Og historia om Nag Hammadi-funnet i Egypt og korleis tekstane kom på marknaden, har alt ein kan ønskje seg av tvilsame personar og groteske detaljar. Så dropp påskekrimmen i år, og les Sagrusten i staden.

Gjert Vestrheim er fyrsteamanuensis i gresk ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Bokmeldinga stod fyrste gongen på trykk i Dag og Tid 20. mars 2015

Det store puslespillet

Hans Johan Sagrusten

Jakten på de tidligste manuskripten...
Les mer 298,-