Gå til innhold

1 En salme av David.

Herren er min hyrde,
jeg mangler ikke noe.

<strong>No som e-bok:</strong> I <em>Bibelen 3.0</em> tek Anders Aschim lesaren med inn i verkstaden for bibelomsetjing. (Foto: Dag K. Smemo)

Foto: No som e-bok: I Bibelen 3.0 tek Anders Aschim lesaren med inn i verkstaden for bibelomsetjing. (Foto: Dag K. Smemo)

Ny e-bok: Bibelen 3.0 - bak Bibel 2011

11. mars 2015.


Kan nyrene våre jubla? Korleis skildrar ein lyden av total stille? Og kva fekk Dødehavsrullane å seia for den nye bibelomsetjinga Bibel 2011?

Slike spørsmål svarar boka Bibelen 3.0 på. Boka er skriven av Anders Aschim, ein av dei sentrale medarbeidarane bak den siste bibelomsetjinga frå Bibelselskapet, Bibel 2011. Boka har ein lettfatteleg og populær stil. Ein treng altså ikkje å kjenne teologiske faguttrykk for å henga med i svingane. Samtidig gjev boka svært mykje informasjon om alt arbeidet som ligg bak Bibel 2011.

Den noko kryptiske tittelen Bibelen 3.0 treng ei lita forklaring. Dataprogram kjem gjerne ut med tal som 1.0, 2.0 og 3.0. Eit nytt tal viser at programmet har kome i ny utgåve. Slik viser tittelen Bibelen 3.0 at det no er den tredje nye utgåva av Bibelen som kjem ut i Noreg. Den fyrste heilt nye omsetjinga kom i 1904 og vart revidert i 1930, den andre kom i 1978 og den tredje i 2011.

«Kva er nytt i Bibel 2011, og kva kunne ha vore annleis?» spør Aschim. Svaret gjev han i om lag 80 korte kapittel, kvart på 2-3 sider. Boka er med andre ord lett å lesa i mindre porsjonar. Kvart kapittel gjev innsikt i ei konkret problemstilling frå omsetjingsarbeidet. Nokre døme på slike problemstillingar er «Inkluderande språk», «Vår Far» og «Herberget».

Fokus er altså på det som er endra frå den førre omsetjinga. Artiklane gjev interessante innblikk i kva omsetjarane streva med og kva dei syntest var utfordrande. Boka gjev gode svar på kvifor ein valde som ein gjorde i mange konkrete vers. Men her er òg meir prinsipielle artiklar om korleis Bibelen skal omsetjast.

Etter sju år som bibelomsetjar byrja Anders Aschim som professor ved Høgskulen i Volda, der han framleis er tilsett. Han har tidlegare skrive den store biografien om Elias Blix og har teke ein doktorgrad om Blix. I Bibelen 3.0 viser han språkleg meisterskap ved å veksla mellom bokmål og nynorsk. Han skriv enkelt og lett forståeleg om vanskelege emne. Det er godt gjort.

Bibelen 3.0 kan du kjøpe hos nettbokhandlarar som sel e-bøker. Last ned boka til lesebrettet, nettbrettet eller smarttelefonen.