Beskrivelse
Denne utgåva av Det nye testamentet spring ut frå ønskjet om å kunne ta Guds ord med ut i naturen, med ut i livet - uansett kvar du oppheld deg. Friluftsutgåva er heilt vasstett og lett å tørke av. Ho er mykje sterkare og held seg langt betre enn ei vanleg bok.
Ta boka med deg til fjells, ut i skogen eller på sjøen. Det er berre å tørke av både kaffesøl og anna skitt. Friluftsutgåva toler ein regnvåt telttur og ein tur i badestampen, eller ei heil jordomsegling om du vil.
 |
|
|
Bibelselskapets friluftsutgåve av Det nye testamentet er trykt på DuraBookTM, eit nytt og unikt materiale som er vasstett og varig. |
Utgåva blir selt i ei fin gåveeske.