Beskrivelse
Det går ein boge gjennom historia vår – ein kristen arv med Bibelen som grunnlag.
I hundreår har norske kunstnarar gitt bibelordet dei vakraste kunstneriske uttrykk. Olavsbibelen inneheld 340 bilde frå heile kunsthistoria, mellom anna maleri, altertavler og veggteppe. Desse bilda gir eit unikt og representativt utval av norsk bibelkunst, frå 1200-tallet og fram til idag.
Olavsbibelen er ein investering som varer frå slekt til slekt – eit arvestykke som kan følgje generasjonar. Det er ei gåve med ringverknad framover i historia. La Olavsbibelen leve vidare i slekta.
Denne praktbibelen er på 1200 sider, utstyrt med slektsregister og innbunde i brunt naturskinn med gullsnitt og tre leseband.