Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Bibeldagen med bibelutstilling

Ei utstilling av gamle biblar frå lokalsamfunnet kan engasjera både historisk og kulturelt. Slik kan Bibeldagen markera den lange historia som Bibelen har på staden. Fleire ulike grupper kan engasjerast i arbeidet med utstillinga, som kan setjast opp i kyrkja, biblioteket, eit galleri eller ein annan stad som høver. Gudstenesta på Bibeldagen kan markera opninga av utstillinga.

Kven gjer kva?

  • Forsamlinga må kunngjera utstillinga lang tid i førevegen, slik at dei som eig gamle biblar, får god tid til å respondera på utfordringa.
  • Også biletkunst med bibelske motiv, som broderte bilete med bibelvers, kan inkluderast i utstillinga.
  • Dersom kyrkjebygningen ikkje er eigna til å husa utstillinga, kan både utstillinga og gudstenesta leggjast til eit anna lokale, som biblioteket eller eit galleri.
  • Det lokale historielaget eller biblioteket kan få ansvar for å merkja og setja opp utstillinga. Kom i hug å avklara kven som har ansvaret for tryggleiken og forsikringa av biblane.
  • Under gudstenesta kan ein bera inn nokre gamle biblar i prosesjon og leggja dei på ein sentral stad i kyrkjerommet.
  • Tekstlesingane kan hentast frå nokre av dei eldre omsetjingane som er i utstillinga. Eventuelt kan ei og same tekst lesast frå ulike gamle utgåver, slik at forsamlinga kan høyra korleis den same teksta var omsett i tidlegare hundreår.
  • Ein kan gjerne kopla markeringen av gamle biblar saman med utdeling av nye, til born eller konfirmantar.
  • Dei som eig biblane, kan utfordrast til å fortelja det dei veit om historia deira, for eksempel kor lenge biblane har vore i familiens eige og kva dei veit om personane som har namnet sitt i dei.
  • I samband med utstillinga bør det vera høve til å kjøpa eller tinga nye biblar. Den lokale bokhandelen kan utfordrast til å ordna dette.
  • Takkofferet går til bibelspreiing i andre land, der mange ikkje har ein eigen bibel.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO