Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Bibeldagen med måltid

I Bibelen er måltidet ofte ramma for fellesskapet mellom menneske. Også i dag blir menneske meir opne for kvarandre og for bodskapen i Bibelen når auga kan møtast over eit duka bord. Ein kan difor feira Bibeldagen i ramma av eit stort fellesmåltid, gjerne med retter frå heftet «Bibelmat». Eit anna alternativ er å invitera til eit bibelsk måltid før eller etter gudstenesta i forsamlinga.

På Såmannssundag handlar evangelietekstene om ein kornåker, anten han blir sådd (Luk 8,4-15), veks (Mark 4,26-34) eller er full av ugras (Matt 13,24-30). Då høver det godt å baka byggbrødet i heftet «Bibelmat» og servera i samband med gudstenesta, gjerne saman med «Esaus raude linsesuppe». Viss ein i staden lagar vanleg kyrkjekaffi, høver det godt å baka honningkaka i heftet.

Send gjerne eigne framlegg og tips til oppskrifter til nettredaksjonen@bibel.no, så kan de finna dei att på bibel.no/bruk-bibelen.

Kven gjer kva?

  • Kyrkjekontoret kunngjer måltidet i god tid, særleg dersom det tek til før vanleg gudstenestetid.
  • Konfirmantane eller andre grupper i forsamlinga kan baka brød eller laga suppe. Saman med bakinga kan ein lesa dei aktuelle tekstene i heftet «Bibelmat».
  • I ei tradisjonell langkyrkje kan ein prøva å dekkja bordet i midtgangen, viss brann- og rømmingsforskriftene tillèt dette.
  • På borda kan ein laga dekorasjonar der biblar og kornaks er sette saman, evt. med andre element som kan syna at Ordet gjev næring til trua.
  • Ein kan knyta forkynninga til maten som ein deler, ved at bibellesingar og korte refleksjonar blir knytte til rettene, etter førebilete frå det jødiske påskemåltidet.
  • Kan ein bruka lokale råvarer eller produkt i måltidet? Undersøk kva alternativ som finst i lokalmiljøet. Kanskje det alt er nokon i nærområdet som bakar byggbrød?
  • Takkofferet går til biblar i andre land, slik at dei òg kan få Ordet som gjev næring til trua.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO