Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Bibeldagen-og-diakoni_NN

Bibelen seier mykje om å elska nesten sin og syna kjærleik i handling. Gudstenesta på Bibeldagen kan ikkje berre utfordra oss til å bruka Guds Ord og halda det høgt, men også til å gjera det Ordet seier. Det manglar noko viktig i vår bibelbruk viss ikkje orda om nestekjærleik blir sette ut i livet.

Dei siste åra har mange forsamlingar fått ein ny røyndom tett inn på livet, gjennom menneske som søkjer kyrkjeasyl, asylsøkjarar som ønskjer å konvertera til kristen tru og utanlandske tiggarar som tek plass på kyrkjetrappa. Samtidig har forsamlinga kjende utfordringar i eldre og sjuke som ikkje lenger greier å lesa i Bibelen sin, eller som treng eit fellesskap der dei kan lytta til lesingar frå Bibelen.

Forsamlinga kan knyta kontakt med diakonale institusjonar og organisasjonar i lokalsamfunnet i planlegginga av denne gudstenesta.

Kven gjer kva?

Punkta nedanfor er meinte som eksempel; dei konkrete tiltaka må utformast slik at dei passar i lokalmiljøet.

  • Diakoniutvalet i forsamlinga bør i god tid drøfta kva grupper ein vil gjera noko for i samband med Bibeldagen.
  • En kan samarbeida med den lokale omsorgs- og sjukeheimen for å kartleggja kva brukarar som ønskjer seg ein bibel med stor skrift eller ein lydbibel. Også heimebuande eldre kan få tilbod om ein bibel med stor skrift.
  • Ein del av takkofferet på Bibeldagen kan gå til biblar til omsorgs- og sjukeheimen, og biblar kan evt. overrekkjast til brukarane eller leiinga under gudstenesta.
  • Tekstlesingane på Bibeldagen kan hentast frå «Fattigdoms- og rettferdighetsbibelen» (Verbum Forlag 2015).
  • Forsamlinga kan kartleggja kva språk som finst mellom flyktningar og asylsøkjarar i kommunen og kven som ønskjer seg ein bibel.
  • Forsamlinga kan kontakta Bibelselskapet, som har biblar på meir enn 100 språk. Fleire utgåver kan skaffast på bestilling. Noko bestillingstid må påreknast.
  • Flyktningar og asylsøkjarar kan inviterast spesielt til gudstenesta på Bibeldagen, og forsamlinga kan dela ut biblar på språket deira.
  • Bibeltekstene i gudstenesta kan lesast på fleire forskjellige språk som er representerte i lokalsamfunnet.
  • Flyktningar og asylsøkjarar kan utfordrast til å fortelja kva plass Bibelen har i livet deira og korleis Bibelen blir lesen i heimlandet deira.
  • Dei som forsamlinga får kontakt med på denne måten, bør inviterast inn i eit fellesskap, som ei bibelgruppe eller liknande.
  • Forsamlinga kan kartleggja om det trengst ei fast tekstlesing på andre språk under dei faste gudstenestene.
  • Takkofferet går til arbeidet med å omsetja Bibelen til stadig nye språk.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO