Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Tekstar til bibeldagen

NT-teksten er henta frå den reviderte omsettinga til Bibelselskapet, Det nye testamentet 2005.

Bibeldagen såmannssøndagen
Preiketekst: Luk 8,4-15 - Likninga om såmannen

 
Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

«Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal sjå, men ikkje sjå, og høyra, men ikkje skjøna.

Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. 
 
Lesetekst: Jes 55,10-11
Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne grorkraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
 Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
 men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til.
 
Lesetekst: 1 Kor 1,20-25
Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud synt at visdomen i verda er dårskap? For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO