Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Offerpresentasjon og forbøn (nynorsk)

Framlegg til kollekttale/offerpresentasjon og forbøn på Bibeldagen 2011 (nynorsk).
Endre til tekst på bokmål

Framlegg til kollekttale/offerpresentasjon:

Prosjektet for Bibeldagen 2011 er bibelarbeidet i Kina:
Kina er det mest folkerike landet i verda. Eit land med stor økonomisk vekst. Folk flyttar frå landsbygda inn til byane, tradisjonane blir endra, røtene smuldrar opp. Saman med vona om pengar og eit betre liv finst det også eit andeleg tomrom. Kina har ei sterkt veksande kyrkje der små og store felleskapar gror fram. Midt i denne situasjonen opplever kyrkjene eit stort behov for biblar.

Frå bibeltrykkeriet i Nanjing blir det kvart år trykt fleire millionar biblar. Papir til trykking av ein bibel kostar 10 kroner. Ved å betale for bibelpapiret er vi med på å halvere utsalsprisen. Denne stønaden gjer at prisen for ein bibel blir meir overkomeleg for dei som er fattige.

Dei innsamla midla vil gå til:

  • papir til bibeltrykking i Kinas einaste bibeltrykkeri
  • omsetjing av Bibelen til minoritetsspråk
  • bibeldelar til utdeling i kyrkjene
  • litteratur til teologiske seminar og bibelskular

Framlegg til forbøn

Gode Gud, i takksemd for det Bibelen tyder for oss, bed vi om at nye menneske skal kome til tru på deg. Lat oss som er di kyrkje på jorda møte menneske med respekt og omsorg slik at fleire kan oppdage Guds ord og lære deg å kjenne.

Vi bed for det kinesiske folket. Vi bed for kyrkja i Kina. Både for dei registrerte kyrkjelydane og dei som vil leve i skjul med trua si. Vi bed for arbeidet med å trykkje og distribuere Bibelen til dei mange tusen kyrkjelydane i landet. Styrk bibelarbeidet slik at alle som ønskjer det kan få sin eigen bibel. Herre, lat ditt Ord ha framgang i Kina.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO