Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Bibelomsetjing til kinesisk

Dei som skulle omsetje Bibelen til kinesisk, vart stilt overfor fleire spørsmål: Kva for språknivå skulle dei bruke, kva for ord skulle brukast for "Gud", "Ande" og andre sentrale kristne uttrykk. Og i kor stor grad måtte ein forklare den jødisk-kristne bakgrunnen når ein skulle formidle bibelordet i ein heilt annan kultur.

Last ned teksten som Word-dokument


Robert Morrison og dei første som kom etter han, valde å bruke den litterære forma av språket. Dei visste at det ville avgrense bibellesinga til dei velutdanna, men dei visste også at taleforma av kinesisk av akademikarane vart sett på med forakt, - ho vart berre brukt i populær-romanane.

Morrisons NT kom i 1814 og Bibelen, som William Milne hjelpte til med, i 1823. Seinare vart omsetjingane revidert fleire gonger. Det var i dette arbeidet fleire stridsspørsmål: Skulle "dåp" omsettast med "overausing" eller "neddykking", skulle ein legge mest vekt på å få eit godt kinesisk språk eller vere mest mogeleg nær den opphavelege hebraiske grunnteksten til GT, skulle ein nytte Tianzhu («Den himmelske Herre»), Shen («ånd/gud») eller Sangdi («Den øvste herskar») som gudsnamn?

Frå midt på 1800-talet starta misjonærar å omsetje til mandarin eller talespråket. I 1919 vart Mandarin-bibelen trykt som eit fellesprosjekt mellom det amerikanske, britiske og skotske bibelselskapet. Denne omsetjinga vert brukt framleis på bibelrykkeriet i Nanjing.

Til minoritetsspråka
Vel 90 % av dei som bur i Kina snakkar mandarin. Men i Søraust-Kina er det mange som snakkar andre dialekter og språk. Mellom 1850 og 1933 publiserte bibelselskapa heile biblar på desse språka og dialektene: xiamery, guangding, fuzhou, kejia, xinghua, nigbo, shanghai, suzhou, shantou og taizhou. For ikkje-kinesiske folk i vest og nordvest vart biblar produserte på mongolsk og uighur og NT på kazakh og manchu.

Bibelsal på markedet
I ein rapport frå Alexander Williamson som var i Mansjuria som bibelselskapsutsending på 1850-talet får vi eit bilete av korleis bibelsalet kunne føregå:
«Vi stod opp tidleg og førebudde oss på arbeidet. Husverten sende med oss ein mann til den store morgonmarknaden der han forsikra oss at vi ville ha eit godt sal. Vi fann ut at markedet var i eit av dei store templa i byen. Etter å ha valt ut ein ledig plass, sette vi ned børa vår og starta å forkynne. Først var folk ganske nølande men etter at vi hadde snakka med folk og forklart innhaldet i bøkene og kvifor vi kom hit, tok dei til å kjøpe. Og snart overgjekk salet alle våre forventningar. Folka på markedet var velkledde og velståande så spesielt dei dyre utgåvene våre vart selde i store mengder. Vi heldt fram her til ca. kl. 9....- då heldt vi fram til dei austlege bydelane, deretter tilbake til midten av byen og til den andre sida, slik at folk i alle delar av byen kunne få høve til å høyre og kjøpe Guds ord.»

Kinesiske kolportørar
«Mange vil lett oversjå det svært store arbeidet som er gjort av dei audmjuke og "ubetydelege" kolportørane i bibelselskapa. Sjølv om dei fleste av desse kinesiske medarbeidarene ikkje har bokleg utdanning og er utan store talegåver, er dei mellom dei viktigaste arbeidarane Gud har. Overalt er det desse som er dei første til å proklamere Kristi namn. Overalt er dei pionerane i evangelieforkynninga i dei indre delane av Kina. Dei gjer kristen innverknad gjeldande i nye regionar.»

Dette skriv pastor H.T Chen i ein rapport til det amerikanske bibelselskapet i 1914. Bibelbod, både kvinner og menn, var viktige for kyrkjeveksten i Kina.


Last ned teksten som Word-dokument

  • Flere fakta om Kina
  • Filmer fra Kina
  • Kinesiske salmer
  • Bibeloversettelse
  • Kirkehistorie
  • Kinesiske ordtak
  • Matoppskrift

Les mer
eller
Last ned

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO