Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

Offerpresentasjon og forbøn (nynorsk)

Framlegg til kollekttale/offerpresentasjon og forbøn på Bibeldagen 2012 (nynorsk).

Endre til bokmål

Framlegg til kollekttale/offerpresentasjon

Prosjektet for Bibeldagen 2012 er bibelarbeidet i Etiopia, som er det nest mest folkerike landet i Afrika med meir enn 90 millionar innbyggjarar. Det er òg eit av Afrikas fattigaste land. Men landet har gamle og stolte tradisjonar, og skriv historia si heilt attende til det andre hundreåret før Kristus. Etiopia var eit av dei første områda i verda som tok kristendomen som offisiell religion. Ifølgje tradisjonen kan kyrkja førast attende til den etiopiske hoffmannen som er omtala i Apostelgjerningane kapittel 8. Etiopia har amharisk som offisielt språk, men det er svært mange ulike etniske grupper og språk i landet. Mange av desse har ikkje Bibelen på sitt eige språk. Etterspurnaden etter biblar aukar sterkt, men mange er fattige og treng hjelp til å skaffe seg ein bibel. Ein stor del av folket kan ikkje lese og skrive, særleg gjeld det folket på landsbygda. Derfor er lydbøker viktige.

Midla som blir samla inn på Bibeldagen vil mellom anna gå til:

  • Omsetjing til seks lokale språk
  • Biblar til skuleungdom og studentar
  • Utvikling og distribusjon av lydbøker for dei som enno ikkje kan lese
  • Programmet "Den miskunnsame samaritanen" som gir von og livsmot til menneske som er truga av hiv/aids-epidemien.

Framlegg til forbøn

(lang)
Gode Gud, i takksemd for det Bibelen tyder for oss, bed vi om at nye menneske skal få møte deg gjennom Ordet ditt.
Gode Herre, i takksemd for at vi har fått ei ny bibelomsetjing, bed vi for alle dei som framleis ventar på å få Bibelen på hjartespråket sitt.
Vi bed i dag særskilt for folka i Etiopia. Vi bed om hjelp mot fattigdom, naud og sjukdom – særleg i kampen mot hiv og aids.
Styrk bibelarbeidet i Etiopia og omsetjingsarbeidet til dei mange lokale språka.
La Ordet ditt ha framgang, både i Etiopia og her hos oss, til ære for Deg og til det beste for medmenneska våre.
Takk for at Bibelen kan endre Afrika!

(kort)

Takk for forbøn og gåver til bibelarbeidet i Etiopia!

Attende til preikehjelp

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO