Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Bibeldagen 2012

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2012:
Biblar til Etiopia

Gudstjeneste i Etiopia


Biblar til Etiopia


Bibelen kan endre Afrika! I dag ser vi at den sørlege delen av Afrika blir dominert av dei kristne kyrkjene, og store delar av folket vedkjenner seg kristen tru. I den sentrale og nordlege delen av kontinentet er situasjonen annleis. Mange statar har ein stor muslimsk folkesetnad og mange praktiserer framleis gamle religionar. I 2012 vil Bibelselskapet rette merksemda mot Etiopia, Afrikas mest folkerike stat, eit stort land med ei av dei eldste kyrkjene i verda. I motsetnad til resten av Afrika har Etiopia aldri vore ein koloni under europeiske statar. Men det er eit av dei fattigaste landa i verda med ein stor folkesetnad på landsbygda med låg utdanning.

Det er stor interesse for Bibelen i Etiopia. Men landet har mange folkeslag som talar ulike språk. Det er ei stor utfordring å skaffe biblar til alle. Omsetjing til mange av dei lokale språka er viktigast. Talet på biblar som blir spreidd aukar stadig, men det er vanskeleg å skaffe nok biblar til ein rimeleg pris slik at også den fattige delen av folket kan få sin eigen bibel.

Barn utenfor hiv/aids-senteret i Dechatu, Etiopia

Born utanfor hiv/aids-senteret i Dechatu, Etiopia

Bibelselskapet har utvikla eit program for å avgrense utviklinga av HIV/AIDS. Det er svært suksessrikt i Etiopia. Ved hjelp av bibeltekstar – og særleg likninga om den miskunnsame samaritanen blir det opna rom for samtalar om korleis ein skal leve for å unngå smitte, og korleis ein skal ta vare på dei som allereie er råka.

Verda har vore vitne til enno ei sultkatastrofe på Afrikas horn. I ei slik tid er det mange munnar å mette, kroppar som treng varme og sjeler som treng næring og von. Kyrkjene i Etiopia er aktivt involverte i naudhjelpsarbeidet som blir utført.

Bibelselskapet i Etiopia hjelper kyrkjene med å gi bodskapen om von gjennom å sørgje for Det nye testamentet på lokale språk til dei som ønskjer det, både i papirform og på kassettar. Særleg i flyktningleirar med mange eritrearar er det stor etterspurnad etter biblar.

Midla som blir samla inn på Bibeldagen vil mellom anna gå til:

  • Omsetjing til seks lokale språk
  • Biblar til skuleungdom og studentar
  • Utvikling og distribusjon av lydbøker for dei som enno ikkje kan lese
  • Avgrense utviklinga av HIV/AIDS

Bibelbaserte traktatar til utdeling kan tingast frå Bibelselskapets nettbokhandel, eller på e-post: bibelmisjon@bibel.no.

Gavekonto

Bibelselskapets kontonr:
3000.16.16869

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO