Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Innblikk i etiopisk kultur

Svante Havåg fortel to historier om etiopisk kultur.

Dronninga av Saba og Etiopia.

Om du snakkar med ein etiopiar om landet og folket hans, kan du kanskje få høyre at dei opplever ei spesiell tilknyting til Israel og det jødiske folket. Det etiopiske språket amharisk er eit semittisk språk, i slekt med både hebraisk og arabisk. Ein viser også gjerne til dei etiopiske jødane, eller falashaane, som dei seinare åra har utvandra til Israel i store tal.

Og når etiopiarane skal forklare korleis denne tilknytinga til det jødiske oppstod, då fortel dei om dronninga av Saba og kong Salomo. Etter etiopiarane si meining var dronninga som besøkte kong Salomo ei etiopisk dronning (1. Kongebok 10). Og under opphaldet i Salomo sitt hoff gjekk det ikkje betre enn at ho vart gravid og fekk ein son, og han vart den første etiopiske keisaren, Menelik I.

Desse forteljingane var grunnleggande då Haile Selassie vart krona til keisar i Etiopia i 1930. Etter etiopisk tradisjon var Haile Selassie den 225. i ei ubrota rekke av etiopiske kongar som stammar frå kong Salomo og dronninga av Saba. Eit av æresnamna til keisaren var difor også ”den sigrande løva av Juda stamme”. Legenden seier vidare at også tenarinna til dronninga fekk ein son med kong Salomo, og han vart opphavet til falasha-jødane. Gjennom hundreåra har etiopiarar spunne på desse tradisjonane, og forteljingane er mange, varierte og frodige.

Historikarar er nok heller skeptiske til desse legendene, men for etiopiarar er dette viktige historier om røter og identitet.


Det heilage landet Etiopia.

Ei rørsle som har sterke band til Etiopia er Rasta, eller Rastafari-rørsla. Opphavet til denne rørsla var den svarte frigjeringskampen på Jamaica i første halvdel av 1900-talet. Ein var oppteken av røtene i Afrika, og etter at Haile Selassie vart krona til keisar i 1930 vart det etiopiske keisardømet draumeland og ideal. Haile Selassie sitt namn før han vart krona var Ras Tafari Makonnen, og gav slik namnet til rastafari. Først på sekstitalet og utover tok rastafari til å verte allment kjent. Dei fleste av oss kjenner vel rasta mest gjennom ”rasta-flettene” (”dreadlocks”) og reggae-musikken.

Rastafari-rørsla er både ideologi og religion, og har henta mykje frå kristendomen og særleg frå Det gamle testamentet. Den avdøde keisaren Haile Selassie vert æra som ”messias”, ”løva av Juda” og inkarnert gud. Etiopia vert kalla ”Sion” og ”det heilage landet”, medan uttrykket ”Babylon” vert brukt om den kvite undertrykkande og rasistiske makta.
Etter at Haile Selassie besøkte Jamaica i 1966 fekk rørsla eit oppsving. Mange kom til Etiopia, til ”det heilage landet”, og desse nye innvandrarane fekk tildelt eit eige landområde -Shashamene - av keisaren - eit stykke sør for hovudstaden. Her lever det framleis grupper av rastafariar bak fargerike portar på sin del av ”det heilage landet”.

Dei kristne kyrkjene i Etiopia har arbeidt ein del inn imot desse gruppene. Og sjølv om dei understrekar at dei sjølvsagt ikkje aksepterer rasta som religion, har dei nok godhug for desse som jamt går rundt berrføtte for å vere nærast mogleg i kontakt med ”det heilage landet”.

Svante Havåg

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO