Gå til innhold

39 Noen dager senere dro Maria av sted og skyndte seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda

Tekstar til bibeldagen

Tekstane er henta frå den nye omsetjinga, Bibel 2011.

Bibeldagen såmannssøndagen
Preiketekst: Mark 4,26-34 - Likningane om såkornet og sennepsfrøet

Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset. 29 Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. 32 Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.

Lesetekst: Jer 20,7-9

Du lokka meg, Herre,
og eg lét meg lokka.
Du vart for sterk for meg og vann.
Eg er til latter heile dagen,
alle spottar meg.

Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.
«Vald og ran!» ropar eg.
For Herrens ord har dagen lang
vorte meg til spott og skam.

Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på han
og aldri meir tala i hans namn.»
Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.
Han var innestengd i knoklane mine.
Eg streva for å stå imot,
men eg greidde det ikkje.

Lesetekst: Rom 10,13-17

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod! Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO