Gå til innhold

2 I fengselet fikk Johannes høre om alt Kristus gjorde. Han sendte bud med disiplene sine og spurte:

Den gløymde lovnaden

Arun Sok Nhep er leiar og koordinator for arbeidet i dei søraust-asiatiske bibelselskapa. Frå 22. til 29. januar 2013 er han Bibelselskapets gjest ved Bibeldagen.
Artikkel på bokmål


Artikkel på bokmål

Arun Sok Nhep

På den tida då det strenge regimet til Raude-Khmer hadde makta i Kambodsja, gav Arun Sok Nhep ein lovnad i eit vietnamesisk fengsel: ’Om Gud lèt meg kome ut herifrå, skal eg tene folket mitt i Søraust-Asia’.

’I mange år gløymde eg denne lovnaden,’ seier han medan han sit på kontoret sitt i Phnom Penh, hovudstaden i Kambodsja. ’Men Gud gløymer ikkje,’ held han fram. ’Det eg bad om den dagen i fengslet er nett det arbeidet eg gjer i dag’. Som leiar av Bibelselskapets arbeid i Kambodsja, Vietnam og Laos er Arun ansvarleg for å distribuere biblar til ei av dei raskast veksande kyrkjene i verda. Som tidlegare soldat måtte han flykte under regimet til Raude-Khmer, og han veit kor viktig Guds ord om lindring er til ein traumatisert nasjon.

Berre fem månader etter at han var blitt ein kristen i 1975 kom Raude-Khmer til makta, og Arun måtte flykte. Han blei teken og måtte sitje fire månader i eit vietnamesisk fengsel og atten månader i ein fengselsleir i Laos. I fengslet møtte han andre kristne og lærte seg å lese Bibelen på vietnamesisk. Familien miste han kontakten med i mange år.

Etter to år klarte han å flykte til Frankrike. Der gjekk han på bibelskule og blei pastor for ei kambodsjansk kyrkje. På bibelskulen trefte han òg den komande kona si, Rut. I 1993 vende han attende til Kambodsja for å fullføre omsetjinga av Khmerbibelen, og seinare blei han beden om å leie Bibelselskapets arbeid i Kambodsja, Vietnam og Laos.

’Eg har lært at Gud også kan bruke denne vanskelege perioden av livet mitt, ’ seier Arun, ’korleis liding og vanskar kan bli nytta for å fremje Gudsrikets sak. Lidinga er for meg vendt til eit høve til å bringe Guds ord til heile denne regionen’.

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO