Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

Bibeldagen 2013

Bibeldagen 2013 har fokus på Kambodsja & VietnamBibeldagen 2013 har fokus på Kambodsja & Vietnam
Her finn du informasjon om Bibeldagen 2013:
Biblar til Kambodsja & Vietnam


Biblar til Kambodjsa & Vietnam


Kambodsja og Vietnam har ei fortid prega av krig, undertrykking og forfølging. Etter Vietnamkrigen var det ei vanskeleg tid for dei kristne med stengde kyrkjer og fengsling av mange kristne leiarar. I dag er kyrkjene i Vietnam i stor vekst, og har mange likskapstrekk med kyrkjeveksten i Kina. I Kambodsja blei alle annleis tenkjande forfølgt under regimet til Pol Pot, han som gjorde seg skuldig i eit grovt folkemord. Tradisjonelt har desse to landa vore buddhistiske, men i dag er dei i stor grad opne for formidling av den kristne trua sjølv om mange framleis set kristendomen i samband med USA og vestleg krigføring.

Kristne kyrkjer veks, både på landsbygda og i byane, men dei treng hjelp til å skaffe biblar. Fattigdomen er stor, og berre nokre få har høve til sjølv å betale full pris for ein bibel. Prestar og andre leiarar i kyrkjelydane treng biblar for å kunne gje nye truande og unge menneske grundig opplæruing i kristen tru. Bibelen er sjølve fundamentet for at kyrkjene skal vekse vidare på ein sunn måte.

På Bibeldagen vil vi samle inn pengar til:

  • Alfabetisering - lær å lese med Bibelen
  • Set dei fri - biblar til fengsel
  • Biblar til dei fattigaste av dei fattige
  • Omsetjing og bibelspreiing mellom minoritetar
  • Biblar til ungdom og studentar

Gavekonto

Bibelselskapets kontonr:
3000.16.16869

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO