Gå til innhold

1 Det var like før påskehøytiden, og Jesus visste at hans time var kommet da han skulle gå bort fra denne verden og til sin Far. Han hadde elsket sine egne som var i verden, og han elsket dem helt til det siste.

Offerpresentasjon og forbøn (nynorsk)

Framlegg til kollekttale/offerpresentasjon og forbøn på Bibeldagen 2013 (nynorsk).

Endre til bokmål.

Framlegg til offerpresentasjon/kollekttale

Prosjektet for Bibeldagen 2013 er bibelarbeidet i Kambodsja og Vietnam. To land i Søraust-Asia som begge har ei fortid med krig, undertrykking og forfølging. Desse to landa har tradisjonelt vore buddhistiske, men i dag er det stor opning for formidling av kristen tru. Kyrkjeveksten vi har vore vitne til i Kina, ser vi i dag spire både i Kambodsja og Vietnam. Bibelen er omsett til hovudspråket i kvart av desse landa, men det er mange minoritetsgrupper som framleis ventar på å få Bibelen på hjartespråket sitt.
Kristne kyrkjer veks, både på landsbygda og i byane, men dei treng hjelp til å skaffe biblar. Fattigdomen er stor, og berre nokre få har høve til sjølv å betale full pris for ein bibel.

Dei innsamla midla vil mellom anna gå til:

  • Lær å lese med Bibelen
  • Set dei fri - biblar til fengsel
  • Biblar til dei fattigaste av dei fattige
  • Omsetjing og bibelspreiing mellom minoritetar
  • Biblar til ungdom og studentar


Framlegg til forbøn

(lang)
Gode Gud, i takksemd for det Bibelen tyder for oss, bed vi om at nye menneske skal få møte deg gjennom Ordet ditt.
Gode Herre, i takksemd for at vi har fått ei ny bibelomsetjing, bed vi for alle dei som framleis ventar på å få Bibelen på hjartespråket sitt.
Vi bed i dag særskilt for folka i Kambodsja og Vietnam. Vi takkar for større fridom og for vekst mellom dei truande. Styrk bibelarbeidet i desse to landa og omsetjingsarbeidet til dei mange lokale språka.
La Ordet ditt ha framgang både i Kambodsja og Vietnam og her hos oss, til ære for Deg og til det beste for medmenneska våre.
Takk for at Bibelen kan vere med å skape fridom og endring i Søraust-Asia.

(kort)
Gode Gud, i takksemd for det Bibelen tyder for oss, bed vi om at nye menneske skal få møte deg gjennom Ordet ditt.
Vi bed i dag særskilt for folka i Kambodsja og Vietnam. Vi takkar for større fridom og for vekst mellom dei truande. Styrk bibelarbeidet i desse to landa og omsetjingsarbeidet til dei mange lokale språka.
La Ordet ditt ha framgang både i Kambodsja og Vietnam og her hos oss, til ære for Deg og til det beste for medmenneska våre.

Takk for forbøn og gåver til bibelarbeidet i Kambodsja og Vietnam.

Attende til preikehjelp

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO