Gå til innhold

12 For Guds ord er levende og virkekraftig og skarpere enn noe tveegget sverd. Det trenger igjennom til det kløver sjel og ånd, marg og bein, og dømmer hjertets tanker og planer.

Kyrkjevekst i Kambodsja

Artikkel på bokmål

Menighet

Den store kyrkjeveksten som vi har vore vitne til i Kina har no kome til Kambodsja. Tilstrøyminga til kyrkjene i dette landet kan samanliknast med den tilstrøyminga til kyrkjene vi såg i Kina for 15 år sidan. Frå Bibelselskapet i Kambodsja får vi høyre at det nesten kvar veke blir danna nye kyrkjelydar. Desse treng sårt til biblar. Fattigdomen er stor, og berre nokre få har høve til sjølv å betale full pris for ein bibel.

På 70-talet var kristendomen nesten utrydda i Kambodsja. Det var under styret til Raude-Khmer då millionar av menneske døydde eller flykta frå landet. Mellom dei var det òg fleire kristne. I dag finn mange ny von i Guds ord. Dei møtast og dannar nye fellesskap. Men prestar og andre kyrkjelydsleiarar treng biblar for å kunne gi nye truande og unge menneske grundig opplæring i den kristne trua, som er sjølve fundamentet for at kyrkjene skal vekse vidare.

Arun Sok Nhep, leder bibelmisjon i Asia
Arun Sok Nhep

Ei av dei som ønskjer seg ein eigen bibel er 22 år gamle Phalla Chrey. Ho har vore ein kristen sidan ho var 9 år gamal. Ein gong hadde ho sin eigen bibel, men då bror hennar reiste frå landsbyen gav ho Bibelen til han i avskilsgåve. Sidan har ho ikkje eigd ein bibel. ’Eg ønskjer meg verkeleg ein bibel igjen,’ seier ho, ’slik at eg kan lese meir om kva Guds ord lærer oss’. I kyrkja er vi mange som må dele ein bibel, og dei andre les raskare enn meg slik at det er vanskeleg å følgje med’.

Arun Sok Nhep, som er leiar av bibelarbeidet i Søraust-Asia, seier: ’Dette er første gongen vi er vitne til ein slik stor kyrkjevekst i Kambodsja. Men alle dei nye kyrkjelydane treng biblar for å bli kjende med Guds ord. Vi kan ikkje la dette historiske høvet gå frå oss’.

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO