Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Underet blant rade-folket

Etter Vietnamkrigen blei pastor Y-Siok frå rade-folket sendt til omskolering. Etter tre år slapp han fri, men då var mesteparten av kyrkjelyden hans forsvunne. Så skjedde det eit under.
Artikkel på bokmål

Etter at Sør-Vietnam kapitulerte i 1975 blei mange kyrkjeleiarar og dei aller fleste pastorar sende til «omskolering». Y-Siok omtalar dei 38 månadane han satt innesperra som eit fengsel. I 1981 blei han lauslaten. Presset mot dei kristne var blitt noko mindre, og han ville gjerne finne att kyrkjelyden sin.

Leiting og bøn
Saman med leiarar for andre kyrkjelydar forsøkte han å finne dei truande, men av dei 8000 som høyrde til kyrkjelyden i 1975 fann han berre 3000. For Y-Siok og andre kristne leiarar var dette ei stor sorg. Derfor byrja dei fast å be om at Gud skulle bringe folket attende til kyrkja.

Som kristne blei dei overvåka av politiet. Derfor kunne dei ikkje kome saman, men dei bad kvar for seg, på same tid, ofte heile dagar. Det blei starten på ein kyrkjevekst vi sjeldan høyrer om.

Den store endringa
I 1990 byrja stadig fleire menneske å oppsøke pastor Y-Siok heime. Dei kom for samtale og for å vedkjenne syndene sine. Dette året kom 20 000 menneske til tru, og under dei neste ti åra vaks kyrkja til heile 97 000 menneske. Gud hadde gitt han tjue gonger så mange menneske som kyrkjelyden opprinneleg telte.

Vekkjinga har også spreia seg til andre folkegrupper og i dag er det rundt 150 000 kristne av ein folkesetnad på omlag 400 000 menneske.

Folket treng Guds ord
Pastor Y-Siok fortel at det viktigaste dei treng no er fleire nytestament. Han takkar Bibelselskapet for at dei i fjor fekk 20 000, men dei treng mange, mange fleire.

Rade-folket lever i den sentrale delen av Vietnam på grensa mot Kambodsja. I dette område er det mange minoritetsgrupper som høyrer til den fattigaste delen av Vietnams 80 millionar menneske. De fleste tener rundt 10 kroner om dagen ($2) og har ikkje råd til sjølve å betale for det eit nytestament kostar. Derfor må bibelbøkene vere rimelege.

Bibelomsetjing
Pastor Y-Siok vil gjerne gi folket sitt heile Bibelen. Han leiar eit team av omsetjarar som arbeider seg gjennom Det gamle testamentet. Dei starta forfra og har no kome til Salme 80 - så dei har eit stykke att før dei er ferdige. Også dette arbeidet blir drive med hjelp frå Bibelselskapet. Dei vonar å kunne avslutte arbeidet etter eit par år.

 
Rade omsetjar-team: Y-Siok Nie, Y-Djol Nie, Y-Thun B.Krong, Y-Nia Ayun, sjåfør

 

 





«For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.» (Luk 11,10).

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO