Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

Mat frå Vietnam

Artikkel på bokmål

Litt om Vietnam

Vietnam har vakker og storslått natur som inneheld alt frå uframkomelege urskogar, mystiske grotter, fruktbare landbruksområde til vakre sandstrender. Landet liknar på bokstaven S og strekkjer seg frå nord til sør over heile 1600 km. Mekongelva og Den raude elva renn gjennom landet og er grunnlaget for risproduksjonen. I det langstrekte landet bur det mange ulike folk, og dei ymse minoritetsgruppene er kjende for handarbeid, særlege broderi og klede. Folket er kjent for gjestfridom, både i storbyane og på landet.

Vietnamesisk mat er kjent for å vere smakfull og variert. Eit vanleg måltid i Vietnam startar som oftast med Pho, ei nuddelsuppe som er ein vietnamesisk nasjonalrett, deretter følgjer hovudretten av nudlar eller ris saman med kylling, svin, biff eller fisk. Til dessert er ein av favorittane Banana pancake som er sprøsteikte pannekaker med bananar inni og sjokolade på toppen. Drikken kan vere soyamjølk med isbitar eller grøn te.

Vietnameserne et med pinner om maten blir servert i bolle. Kjem maten på flat tallerken, et dei med gaffel og skei.

I Vietnam blir det òg ete krokodille og skilpadde. På dei lokale restaurantane, langt borte frå turistområda, kan også rotter, katter og hundar stå på menyen.

Saigon er særleg kjent for god mat. Maten i Vietnam er særs billeg. Eit godt måltid kostar ikkje meir enn 10-20 NOK.

Særs populære er frityrstekte rispapirrullar, i Noreg kjent som vårrullar. I Vietnam blir dei etne råe.

Oppskrift (8-10 vårrullar)

  • 1 boks kokosmjølk
  • 2ss fiskesaus
  • 2ss saft av sitron eller lime
  • 2 kyllingfiletar
  • 8 runde rispapir (20 cm i diameter)
  • 1dl heile mynteblad
  • 1 liten bunt gresslauk
  • 2dl bønnespirer

Fakta om landa

Kambodsja (oransje)

  • Areal: halvparten av Noreg
  • Alder i snitt: 23,3 år

Innbyg. (mill.) 14,7
Kristne 1,3%
Buddhistar 96,4%
Muslimar 2,1%
Andre 0,2%


Vietnam
(grøn)

  • Areal: lik som Noreg
  • Alder i snitt: 28,2 år

Innbyg. (mill.) 91,5
Kristne 7,2%
Katolikkar 6,7%
Protestantar 0,5%
Buddhistar 9,3%
Muslimar 0,1%
Ateistar 80,8%
Andre 2,6%

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO