Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Framlegg til forbøn - kollekttale

Ressursar til gudsteneste på Bibeldagen
Les på bokmål

Last ned og skriv ut dokument

Framlegg til forbønn

Gode Gud, vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi bed for dei mange i verda som ikkje har høve til å få sin eigen bibel. Vi bed i dag særleg for folket på Cuba. Vi takkar deg for den sterke lengselen etter deg og Ordet ditt som du har skapt i folket der. Vi bed om at stadig fleire må få høyra om deg og tru på deg. Vi bed om di velsigning over bibelarbeidet i landet, slik at alle som ønskjer det, kan få sin eigen bibel. Vi bed òg for samarbeidet mellom kyrkjene i landet. Herre, lat Ordet ditt ha framgang på Cuba.

Framlegg til kollekttale

For mange er Cuba eit spennande ferieland. Men Cuba er meir enn fengjande musikk og solfylte strendar. Cuba er òg det landet i Latin-Amerika der kyrkjene veks raskast og lengselen etter Bibelen er sterkast. Difor er òg etterspurnaden etter Bibelen stor. Situasjonen kan samanfattast slik: «Kyrkjene er fulle av folk, men tomme for biblar» Kyrkjene sjølv reknar at mangelen er på rundt 950 000 biblar. Dette ønskjer Det Norske Bibelselskap å gjera noko med. Vi har difor gått saman med sju andre bibelselskap om eit stort løft: Ein million biblar til Cuba.

Gåvene som blir samla inn til bibelarbeidet på Cuba skal gå til:
  • Barnebiblar til born i skulealder
  • Biblar til tenåringar og unge vaksne
  • Biblar til nye kristne
  • Biblar til innsette i fengsel
  • Studiebiblar til studentar og pastorar

Det største ønsket til dei nye kristne er ofte å få sin eigen bibel. Det kostar 25-30 kroner å trykkja og frakta ein bibel til Cuba. Kyrkjene har sjølv ikkje høve til å importera biblar. Det einaste høvet er difor at biblane kjem inn utanfrå. Så sørgjer det cubanske bibelselskapet for å distribuera biblane blant alle dei ulike kyrkjesamfunna på øya.

Vi takkar kyrkjelyden for støtta til bibelarbeidet. Meir informasjon om Bibeldagen finst på www.bibeldagen.no.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO