Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Preike på Bibeldagen (Såmannssundag) 2014

Bibeltekst: Lukas 8,4-15
Les på bokmål

Last ned og skriv ut dokument

Innleiing
«Noko fall i god jord» seier Jesus om såkornet i dagens evangelietekst. «Det voks opp og bar frukt, heile hundre gonger det som vart sådd» (Luk 8,8). Desse orda blir røyndom i mange land i verda akkurat no – til dømes på Cuba. Folk på Cuba lengtar etter Bibelen og er klare til å ta imot Guds Ord i Bibelen – akkurat slik som den varme, nypløygde jorda er klar til å ta imot såkornet. Og Ordet ber rik frukt. Kyrkjene veks og mange nye kjem til tru. Difor er etterspurnaden etter biblar òg stor.

Bibeldagen
Her i Noreg markerer vi Bibeldagen over heile landet. Vi gleder oss over at vi har vår eigen bibel, på vårt eige språk. Lenge hadde vi ikkje høve til dette. I mange år las vi danske biblar, eller fornorska utgåver av danske biblar. Først i 1904 kom det ut ein heil bokmålsbibel som var omsett frå grunnen av i Noreg. Den tilsvarande nynorskbibelen kom i 1921. Berre dei siste hundre åra har vi kunna seia det same som folk i Jerusalem sa på pinsedagen, då dei høyrde apostlane tala på deira eigne språk: «Vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» (Apg 2,11)

Men vi gjer meir enn å gleda oss. Vi ser òg ut over våre eigne grenser, til menneske som ikkje har same høve til å få sin eigen bibel. I år vender vi blikket mot Cuba. Den sterkaste kyrkjeveksten i Latin-Amerika skjer i dag på Cuba. Der har talet på evangeliske kristne dobla seg dei siste ti åra, frå 400.000 til 800.000. Også Den katolske kyrkja, der halvdelen av folket er medlemmar, fortel at mellom 300.000 og 400.000 menneske no kjem til messe regelmessig. Det er rett og slett ein enorm åndeleg lengt som viser seg på Cuba no i dag. Og det dei kristne aller mest ønskjer seg, er biblar.

Bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen i Det Norske Bibelselskap seier det slik: «På Cuba er kyrkjene fulle av folk – men tomme for biblar». Det cubanske bibelselskapet maktar ikkje å ta inn meir enn ein brøkdel av dei biblane som folk spør etter. Kyrkjene på Cuba har difor sett seg ned og lagt saman kor mange biblar dei manglar. Talet dei kom fram til, var 950.000 biblar. Dette er ikkje biblar dei vil prakka på folk som ikkje ønskjer seg ein bibel – omtrent som å kasta såkorn på vegen eller i eit kratt. Nei, dette er biblar som er sterkt etterlengta av menneske som lever i trua og mest av alt ønskjer seg ein bibel. Dette er biblar som vil falla i god jord.

Såkornet
Teksta på årets bibeldag handlar om såkorn. Likninga fortel om ein bonde som har rikeleg med såkorn; han kan spreia det ut med raus hand, også der det ikkje er stor von om å hausta. Han kan spreia såkornet over både steingrunn, skrinn jord og kratt. Men kva skal ein gjera når det er for lite såkorn? I gamle dagar var det ei av dei største krisane som kunne tenkjast på ein gard, dersom det vart slutt på såkorn.

I Bibelen er det ein velkjend tanke at Guds Ord er lik såkorn: For Guds Ord er levande og har stor spirekraft; det skapar tru hos den som høyrer eller les det, som apostelen Paulus skreiv: «Så kjem då trua av den bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem av Kristi ord» (Rom 10,17). Guds vilje er at dette såkornet skal spreiast ut over heile jorda, slik at alle menneske som høyrer og les det, kan tru på Jesus Kristus.

På Cuba er det stor mangel på dette såkornet. Både Bibelselskapet på Cuba og dei mange kyrkjene står klare til å spreia Bibelen – men korgene med såkorn er tomme. Som Raiza (29) i Bibelselskapet sa det: «Det er eg som må seia nei til kyrkjene som kjem for å kjøpa biblar. Dei vil kjøpa tusen biblar, men eg kan berre gje dei fem hundre. Eg ser vonbrotet i auga deira. Eg gleder meg til den dagen då eg kan gje alle så mange biblar som dei ønskjer seg.» Innsamlinga under årets bibeldag går difor til biblar til Cuba.

Den gode jorda tek imot såkornet
Teksta i dag viser oss den gode jorda, som er nypløygd og dampande, varm og klar til å ta imot såkornet. Dette gode jordsmonet er eit bilete på oss menneske. Gud ønskjer at vi skal likna på den gode jorda, når vi tek imot ordet hans. Som det står i salmen: «Som turre marka drikk sitt regn, som jorda tek imot sitt såd og gøymer det, Herre, lat oss ta imot ditt ord.» («Som spede barnet drikk si mjølk», Britt G. Hallqvist 1977 og Arve Brunvoll 1978).

I dag kan vi ta imot Guds Ord på så mange måtar. Vi kan kjøpa ein bibel i ein bokhandel, eller vi kan lesa bibelen.no på internett. Vi kan få dagens bibelord som e-post eller i ein app, eller vi kan lesa på eit lesebrett. Vi kan lytta til Bibelen som lydbok, eller vi kan gjera slik som i dag: Lytta til bibeltekst som blir lesen høgt i ei gudsteneste. Men midt i alle desse høva vi har, gjeld det: At vi tek imot Ordet, slik som den gode jorda med såkornet.

Krattet kveler såkornet
Jesus fortel ikkje berre om den gode jorda. Han fortel òg om alt det som hindrar kornet i å veksa. Kanskje er det krattet som vekkjer mest ettertanke hos oss? Vi kjenner eit stikk av gjenkjenning, når Jesus talar om dei som «blir kvelte av sorger og rikdom og nytingar». Det er oss desse orda handlar om!

For oss ligg det difor litt av ei utfordring i dagens tekst: Altfor mykje i livet vårt liknar ein travel, hardtrakka veg, eit tørt og skrint jordsmonn eller eit tett tornekratt. Den gode, opne jorda i livet vårt blir mindre og mindre. Bibeldagen kan vera ein dag for å rydda i det som kveler Ordet frå Gud. For det paradoksale er: Vi som eig alt, har ofte ikkje rom for Bibelen – medan menneska på Cuba som manglar det meste av ytre rikdom, dei tek imot Bibelen med opne armar. Dei liknar på den gode jorda – lat oss i Noreg likna på dei!

Ære vere Far og Son og Heilag ande, som var, er og blir éin sann Gud frå æve og til æve.

Av Hans J. Sagrusten, bibelbrukskonsulent, Det Norske Bibelselskap

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO