Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Bibeldagen 2014: Ein million biblar til Cuba

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2014:
Biblar til Cuba

Filmen kan òg lastast ned i HD-kvalitet

Bibeldagen 2014 blir feira 15. og 16. februar


«Dette er den største mangelen på biblar eg har sett nokon stad.» Orda fall då Det Norske Bibelselskap vitja Cuba. Bibeldagen 2014 set kyrkjelyden difor fokus på Cuba.

Det er sterk lengsel etter Bibelen på Cuba, men stor mangel på biblar. Kyrkjene reknar sjølve at mangelen ligg rundt 950 000 biblar. Dette ønskjer vi å gjera noko med. Det Norske Bibelselskap har difor gått saman med andre bibelselskap om eit stort løft: Ein million biblar til Cuba. Dei innsamla gåvene til bibelarbeidet på Cuba skal gå til:

  • Barnebiblar til born i skulealder
  • Biblar til tenåringar og unge vaksne
  • Biblar til nye kristne
  • Biblar til innsette i fengsel
  • Studiebiblar til studentar og pastorar

Den sterke kyrkjeveksten på Cuba er hovudgrunnen til den store mangelen på biblar. Cuba har den sterkaste kyrkjeveksten i heile Latin-Amerika. Det største ønsket til dei nye kristne er ofte å få sin eigen bibel.

Det kostar 25-30 kroner å trykkje og frakte ein bibel til Cuba. Kyrkjene har ikkje sjølve høve til å importere biblar. Den einaste sjansen er difor at biblane kjem inn utanfrå. Kor mange biblar greier vi i vår kyrkjelyd å samle inn pengar til?

  • Ein kollekt på 5 000 kroner gir 200 biblar
  • Ein kollekt på 10 000 kroner gir 400 biblar
  • Ein kollekt på 25 000 kroner gir 1000 biblar

Fakta om Cuba

Bibeldagen 2014 har fokus på Cuba.
Areal: 110,860 km2
Folketal: 11,5 mill.
Hovudstad: Havana
BNP pr. innbyggjar: 10 200 USD (BNP i Noreg: USD 55 900)

Offisielt språk: Spansk
Del som kan lese: 99,8 % (over 15 år)

Religion:
Katolikkar: 5,4 mill
Evangeliske: 800 000
62 ulike kyrkjesamfunn

Bibelkommisjonen samarbeider med alle kyrkjesamfunn

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO