Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Bøn til bruk på Bibeldagen

Etter ein idé frå Farsund kyrkjelyd


L: Liturg
F: Forbedar 1, 2, 3, og 4, som vender seg i dei fire himmelretningane under bøna.
   
L: Lat oss be for syskena våre i sør!
F1:



Miskunnsame Gud, vi bed deg for syskena våre i Egypt. Vi takkar deg for alle der som har halde fast på trua på deg gjennom tider med motstand. Vi takkar deg for deira vitnemål om å tilgje og elska alle menneske. Vi bed deg velsigne Ramez Atallah og dei andre i Bibelselskapet i Egypt. Vi bed deg for bibelarbeidet i den koptiske kyrkja og dei andre kyrkjene i landet. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i Egypt.
   
L: Lat oss be for syskena våre i aust!
F2:



Evige Gud, vi bed deg for syskena våre i Kina. Vi takkar deg for dei mange millionar menneske som trur på deg og som ynskjer å lesa Ordet ditt i Bibelen. Vi takkar deg for alle biblane som blir trykte i Kina no i dag. Vi bed for arbeidet med å dela ut Bibelen til dei mange tusen kyrkjene i landet. Styrk bibelarbeidet, slik at alle som ynskjer det, kan få sin eigen bibel. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i Kina.
   
L: Lat oss be for syskena våre i vest!
F3:



Kjære Gud, vi bed deg for syskena våre på Cuba. Vi takkar deg for den sterke lengsla etter deg og Ordet ditt som du har skapt i folket der. Vi bed om at stadig fleire må få høyra om deg og tru på deg. Vi bed om at du velsignar bibelarbeidet i landet, slik at alle som ynskjer det, kan få sin eigen bibel. Velsign dei som arbeider i kyrkjene og i Bibelkommisjonen i landet. Gud, lat Ordet ditt ha framgang på Cuba.
   
L: Lat oss be for oss sjølve, her i nord!
F4:



Gode Gud, vi bed deg for oss sjølve, her i Noreg. Vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi takkar deg for at Ordet ditt har kome også hit til oss. Lat oss ikkje bli kvelte av rikdom og uro, men lat oss ta imot Ordet ditt, slik den gode jorda tek imot såkornet. Velsign bibelarbeidet i landet vårt, slik at vi kan lesa Ordet ditt og sleppa deg inn i hjarta våre. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i oss.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO