Gå til innhold

2 I fengselet fikk Johannes høre om alt Kristus gjorde. Han sendte bud med disiplene sine og spurte:

Framlegg til forbønn og kollekttale

Ressursar til gudsteneste på Bibeldagen

Framlegg til forbønn

Gode Gud, vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi bed for dei mange i verda som ikkje har høve til å få sin eigen bibel. Vi bed i dag særleg for syskena våre i Egypt. Vi takkar deg for alle der som har halde fast på trua på deg gjennom tider med motstand. Vi takkar deg for vitnemålet deira om å tilgje og elska alle menneske. Vi bed deg velsigna Bibelselskapet i Egypt. Vi bed deg for bibelarbeidet i den koptiske kyrkja og dei andre kyrkjene i landet. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i Egypt.

Framlegg til kollekttale

På Bibeldagen 2015 støttar norske kyrkjelydar arbeidet til Bibelselskapet i Egypt. Det er omkring 12 millionar kristne i Egypt, dei aller fleste høyrer til i den gamle koptiske kyrkja. Dette er Midtaustens største kyrkje. Det har vore kristne i Egypt heilt sidan det første hundreåret etter Kristus. I dag lever dei under sterkt press. Med gåva vår kan vi vera med og rekkja dei ei hand i ei vanskeleg tid. Dei siste åra har det vore ei fornya glede over Bibelen i den koptiske kyrkja. Biskopar og prestar ynskjer at alle familiar skal lesa i Bibelen kvar dag. Stadig fleire kristne les Bibelen sjølv eller saman med andre. Gjennom samarbeidet med den koptiske kyrkja når Bibelselskapet ut til ein halv million born med kristne bøker og materiell kvart år. På Bibeldagen 2015 kan norske kyrkjelydar vera med og støtta desse prosjekta i Egypt:

  • Utdeling av bibelbøker til born i kyrkjer og skular 
  • Leseopplæring med Bibelen for vaksne 
  • Å gjera Bibelen tilgjengeleg i bibelbutikkar over heile Egypt 
  • Biblar til bibelstudiegrupper i Den koptiske kyrkja

I 2015 ynskjer Bibelselskapet i Egypt å dela ut ei illustrert bok med Lukasevangeliet til 100 000 sjuandeklassingar i kristne landsbyar. Kvar bok kostar 8 kroner å trykkja. For 300 kroner kan ei heil skuleklasse få boka med Lukasevangeliet og arbeidsoppgåver.

Vi takkar kyrkjelyden for støtta til bibelarbeidet.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO