Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Preike på Bibeldagen (Såmannssøndag) 2015

Tekst: Mark 4,26-32

Av Hans Johan Sagrusten, bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet

Av seg sjølv

Tekst: Mark 4,26-32

«Av seg sjølv ber jorda grøde» (Mark 4,28)

«Dei kristne i Egypt elskar Bibelen», seier Ramez Atallah i Det egyptiske bibelselskapet. Han har opplevd korleis etterspurnaden etter biblar har auka dei siste tretti åra. «Før selde vi berre svarte biblar med gullsnitt», seier han. «Men i dag sel vi biblar i ei mengd med format og fargar, både trykte og digitale utgåver».

«Og då vi såg at du kunne bestille pizza ved å ringje eit femsifra nummer, då tenkte vi: Kvifor skal det vera enklare å få tak i ein pizza enn ein bibel?» seier Atallah. Så i dag kan du ringje 19250 og koma til den næraste av dei 16 bibelbutikkane i landet. Til og med nettsida til Bibelselskapet i Egypt har 19250.com som adresse. Bibelen skal vera lett å få tak i, slik at alle som vil, kan lesa han.

«Vi rår alle familiar til å lesa i Bibelen saman – kvar dag» seier Tawadros II, den smilande paven i den eldgamle koptiske kyrkja. Dei siste åra har det gått ei bibelvekking over denne største kyrkja i Midtausten. Stadig fleire les og studerer Bibelen, og kvar veke held koptiske prestar og biskopar bibeltimar for dei kristne. Til og med paven sjølv held bibeltime kvar veke, i katedralen i Kairo, som blir overført på TV og internett. Du kan finne bibeltimane hans på nettstaden YouTube.

Pave Tawadros II var i Noreg i juni 2014. Då kom han med eit enkelt råd til alle som ønskjer å lesa i Bibelen: «Du skal aldri lata att Bibelen», seier han. «Lat Bibelen liggje open. For då blir du stadig kalla til å lesa i han». Ein attlaten bibel har lett for å hamne i bokhylla. Men ein open bibel vil stadig dra blikket ditt bort til seg.

For Bibelen har ei ibuande kraft til å skape trua i den som les. Den som brukar tid med Bibelen, får kjenne dette. Vi veit ikkje korleis det går til, like lite som bonden skjønar korleis kornet han sådde, veks og gror. «Av seg sjølv ber jorda grøde», seier Jesus, og av seg sjølv skaper Bibelen tru og glede.

Ordet som er omsett «av seg sjølv» på norsk, kunne nesten ha stått uomsett i teksta. På gresk heiter det «automate», og då skjønar alle kva det tyder: Automatisk, av seg sjølv ber jorda grøde. Når vi får den unike kombinasjonen av godt såkorn og god matjord, skjer det heilt av seg sjølv, utan at bonden eigentleg skjønar kva som skjer: Jorda ber grøde, på grunn av den ibuande spirekrafta.

I Egypt er krafta i den gode jorda lett å sjå. Der ligg den fruktbare Nildalen, med djup jord som blir vatna av den breie Nilen. På begge sider ligg den ufruktbare ørkenen, men nede i dalen, der jorda er djup og såkornet godt, ber jorda rikeleg grøde. Dette biletet frå naturen fortel oss korleis orda i Bibelen er: Dei har denne ibuande krafta til å bera grøde i livet vårt, nesten utan at vi skjønar det sjølve. Når dei blir tekne imot i eit ope menneskehjarte, ber dei frukt – av seg sjølv, «automate».

Denne sundagen blir den årlege Bibeldagen feira i kyrkjer landet over. På Bibeldagen blir vi på nytt inspirerte til å opne Bibelen og lesa. Den inspirasjonen treng vi. Ei ny undersøking viser at berre tre prosent av oss nordmenn les i Bibelen kvar dag, og sju av ti opna ikkje Bibelen i det heile i 2014. Men det finst positive drag: Blant unge mellom 18 og 29 år er det fem prosent som les i Bibelen kvar dag. Vi kan altså få inspirasjon frå ungdomen. På Facebook finst det no ei side som heiter «Gjennom Bibelen på eit år». Der kan du få hjelp av andre til å lesa gjennom Bibelen i løpet av 2015.

Det finst mange måtar å lesa Bibelen på. Du kan få Bibelen som ein app på smarttelefonen din eller som e-bok, eller høyre på Bibelen som lydbok. Du kan få tilsendt dagens bibelord som tekstmelding eller e-post, eller du kan lesa Bibelen på nettsida bibelen.no. Det finst så mange måtar å lesa Bibelen på i dag, måtar som tidlegare generasjonar ikkje kunne ha drøymt om. Men det viktigaste er framleis, som Tawadros II sa, å ta tid til å lesa i Bibelen kvar dag. Det er den eine utfordringa på Bibeldagen.

Men på Bibeldagen vender vi alltid blikket utover mot kristne i andre land. I år vender vi blikket mot Egypt. Det er omkring 12 millionar kristne i landet, dei aller fleste av dei høyrer til i Den koptiske kyrkja. Dei kristne i Egypt lever under hardt press. Det kostar mykje å vedkjennast trua på Jesus. Men samtidig har dei ei glede over Bibelen som smittar over og inspirerer oss.

Dette er den andre utfordringa på Bibeldagen: Vi er knytte saman med sysken i trua som lever i andre land og under andre forhold enn vi gjer. Dei kan vi gje ei handsrekning på Bibeldagen. Dei har den same retten som vi til å kunne kjøpe seg ein bibel til ein pris dei kan betale, på eit språk dei forstår og i ei form dei kan bruke. I dag er det dei kristne i Egypt som står i fokus. Lat oss bruke Bibeldagen til å støtte dei kristne i Egypt med vår forbøn, og med eit takkoffer til bibelarbeidet i landet.

For det er den same naturlova som gjeld for bibelordet som for kornet i den gode jorda: Av seg sjølv ber jorda grøde. Når vi sjølve opnar Bibelen, skaper orda trua på Jesus i oss. Og når vi hjelper andre til å få sin eigen bibel, vil det same ordet skape den same trua, ein stad langt borte frå oss. Av seg sjølv ber jorda grøde – «automate». Lat oss bruke Bibeldagen til å gje fleire tilgang til dette ordet.  

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO