Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Bibeldagen 2015

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2015:
Biblar til Egypt

Filmen kan òg lastast ned i HD-kvalitet

Bibeldagen 2015 blir feira 31. januar og 1. februar


Den eldgamle koptiske kyrkja i Egypt har dei siste åra opplevd ei sterk bibelvekking. Dei kristne elskar Bibelen og mange tek kvar veke del i bibeltimar og bibelgrupper.

Men mange vaksne har ikkje høve til å lese i Bibelen. «Eg pleidde grete når eg opna Bibelen,» fortel ei ung mor. Over 30 prosent av vaksne egyptarar kan ikkje lese: Dei fleste av desse er kvinner. Gjennom leseopplæring med Bibelen får dei både sjølvrespekt og høve til å lese i Bibelen.

Egypt er det landet i Midtausten som har flest kristne. Bibelselskapet i Egypt når kvart år 100 000 skuleborn med illustrerte biblar og 500 000 born med kristent materiell. På Bibeldagen i 2015 kan vi vere med å stø dette viktige arbeidet.

Under Bibeldagen 2015 stør vi:

  • Bibelutdeling til born i skular og kyrkjer
  • Leseopplæring med Bibelen for vaksne
  • Å gjere Bibelen tilgjengeleg i bibelbutikkar over heile Egypt
  • Biblar til bibelstudiegrupper i den koptiske kyrkja

Fakta om Egypt

Egypt
  • Areal: 1 002 000 km2 
  • Offisielt namn: Den arabiske republikken Egypt
  • Folketal: ca 90 mill. 
  • Årleg folketalsvekst: 1,7 %
  • Under 15 år: 32 %
  • Hovudstad: Kairo 
  • Årsnedbør: 25 mm.
  • Offisielt språk: Arabisk 
  • Del som kan lese: ca 70 %

Religion:
  • Muslimar: 87 % 
  • Koptiske kristne: 11 %
  • Protestantiske kristne: 1 %

Bibelselskapet samarbeider med alle kyrkjesamfunn i Egypt

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO