Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Bibeldagen for born

Bibeldagen kan gjerne feirast som Bibeldagen for born. For heile historia til bibelselskapa i verda starta med eit barn. Den unge jenta Mary Jones frå Wales hadde spart pengar i fleire år og gjekk fleire mil til fots for å kjøpa seg ein bibel. Men då ho kom fram, hadde ikkje presten ein einaste bibel å selja. Men han gav likevel ein bibel til den unge jenta.

Dette hende omkring år 1800. Det veit vi fordi forteljinga om Mary Jones er referert i papira frå den gongen Det britiske bibelselskapet vart skipa i 1804. For den presten som Mary kom til, var til stades på skipingsmøtet og fortalde om den store mangelen på biblar på slutten av 1700-talet. Slik vart historia om Mary Jones inspirasjonen til ei verdsomspennande lenkje med bibelselskap.

Kven gjer kva?

Born utkledde som bibelske personar ønskjer velkomen til gudsteneste. Ein kan farga gamle konfirmantkapper i ulike fargar og bruka dei som utgangspunkt for utkledinga:

  • Abraham og Sara med kompass
  • David med slynge eller kongekrone
  • Daniel med ei leikeløve
  • Samuel og Eli med ei lykt
  • Enkja frå Sarepta med ei krukke med mjøl
  • Rut med eit kornband
  • Peter med fiskegarn
  • Marta med kaffikoppar
  • Kvinna ved brønnen med ei bøtte vatn

Gudstenesta kan opna med ein konkurranse mellom høgre og venstre sida i kyrkjerommet: Kva for bibelske personar skal borna likna på?

Under gudstenesta kan ein dela ut biblar til born i ei bestemt aldersgruppe, eller til konfirmantane.

Ein kan fortelja historia om Mary Jones som dagens preike. Historia finst også som PowerPoint-presentasjon.

Historia om Mary Jones kan også dramatiserast av born, som eit alternativ eller supplement til preika.

«Mi favorittforteljing frå Bibelen»: Eit barn, ein ungdom, ein vaksen og ein eldre kan dela favoritthistoria si frå Bibelen og fortelja kvifor dei likar denne forteljinga spesielt godt.

Kyrkjerommet kan dekorerast med barneteikningar av forteljingar i Bibelen. Ei skuleklasse eller ei barnegruppe i kyrkja kan laga teikningane.

Takkofferet går til arbeidet med å gje alle som ønskjer det, ein bibel på eit språk dei kan skjøna og til ein pris dei kan betala.

For ytterlegare informasjon - ta kontakt med Hans Sagrusten: telefon 479 76 473. 
 

Les historia om jenta som sette det heile i gong:
Bokmål tekst
Nynorsk tekst

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO