Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Bøn til bruk på Bibeldagen

Etter ein idé frå Farsund kyrkjelyd


L: Liturg
F1: Forbedar 1, 2, 3, og 4, som vender seg i dei fire himmelretningane under bøna.
   
L: Lat oss be for syskena våre i aust!
F3:



Evige Gud, vi bed deg for syskena våre i Ukraina. Vi takkar deg for alle som søkjer deg, midt i krig og uro, og som ønskjer å lesa ditt Ord i Bibelen. Vi bed for alle dei som er på flukt i sitt eige land, og for dei som ikkje har sjanse til å flykta. Styrk medarbeidarane i Bibelselskapet i Ukraina, så dei kan fullføra den store oppgåva å gje biblar til alle som ønskjer det. Gud, lat ditt Ord ha framgang i Ukraina.
   
L: Lat oss be for syskena våre i sør!
F2:



Miskunnsame Gud, vi bed deg for syskena våre i Syria. Vi bed om fred for alle i landet. Vi takkar deg for alle som har halde fast på trua på deg midt i krig og gru. Vi bed for dei som er på flukt på grunn av trua på deg, og vi bed for dei som forfølgjer dei. Vi bed deg velsigna George Andrea og dei andre i Bibelselskapet i Syria som distribuerer fleire biblar enn nokon gong før. Gud, lat ditt Ord ha framgang i Syria.
   
L: Lat oss be for syskena våre i vest!
F1:



Nådige Gud, vi bed deg for syskena våre på Cuba. Vi takkar deg for den sterke lengsla etter deg og ditt Ord som du har skapt i folket der. Vi bed om at stadig fleire må få høyra om deg og tru på deg. Vi bed om at du velsignar bibelarbeidet i landet, så alle som ønskjer det, kan få sin eigen bibel. Velsign Alain Montano og dei andre medarbeidarane i Bibelkommisjonen i landet. Gud, lat ditt Ord ha framgang på Cuba.
   
L: Lat oss be for oss sjølve, her i nord!
F4:



Gode Gud, vi bed deg for oss sjølve, her i Noreg. Vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi takkar deg for at Ordet ditt har kome også hit til oss. Lat oss ikkje bli kvelte av rikdom og uro, men lat oss ta imot Ordet ditt, slik den gode jorda tek imot såkornet. Velsign bibelarbeidet i landet vårt, slik at vi kan lesa Ordet ditt og sleppa deg inn i hjarta våre. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i oss.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO