Gå til innhold

7 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem har lært dere hvordan dere skal slippe unna den vreden som skal komme?

Stoff til preika på Bibeldagen

Tekst: Matteus 13,24-30

Av Hans Johan Sagrusten, bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet

– Oppgåva vår er å så korn!

Anatoliy Raychynets kjem til Noreg på Bibeldagen 2016 . Han har arbeidd i Bibelselskapet i Ukraina i ei årrekkje og kjenner utfordringane i bibelarbeidet betre enn nokon annan. Vi spurde han om å dela tankane sine om preiketeksta på Bibeldagen 2016, Matteus 13,24-30.

Anatoliy Raychynets (nr. 2 frå høgre) og andre medarbeidarar i Bibelselskapet deler ut biblar i krigsområda i Aust-Ukraina. (Foto: Bernt Greger Olsen)
Anatoliy Raychynets (nr. 2 frå høgre) og andre medarbeidarar i Bibelselskapet deler ut biblar i krigsområda i Aust-Ukraina. (Foto: Bernt Greger Olsen)

Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»

Kva vil Anatoliy seia om denne teksta, etter å ha arbeidd i Bibelselskapet i mange år?

– Bibelen seier at vi skal konsentrera oss om det som er hovudoppgåva vår, som er å så korn, i staden for å konsentrera oss om ugraset. Altfor ofte blir vi opptekne av ting som ikkje er oppgåva vår.

– Vi har fått ei svært stor oppgåve med å spreia kornet. Denne oppgåva er meir enn stor nok for oss! Men fienden vil at vi skal bli opptekne av det som ikkje er oppgåva vår, å prøva å luka ut ugraset.

Når Anatoliy les teksta, tenkjer han òg på andre forteljingar frå evangelia:

– Eg tenkjer på den oppgåva Jesus gav til Peter, då han fekk nøklane til himmelriket: Dei som følgjer Jesus har fått i oppgåve å forkynna Guds Ord og invitera menneske til himmelen. Det er ikkje oppgåva vår å luka ugras, det er Guds oppgåve.

Han kjenner utfordringa med å konsentrera seg om det viktigaste, frå sitt eige liv:

– Mi eiga røynsle frå Ukraina er at vi ofte blir opptekne med ting som ikkje er naudsynte, og som plutseleg ligg framføre oss, men som ikkje er hovudoppgåva vår.

– Ved slutten av året hadde vi ei samling i forsamlinga mi. Vi vart sitjande og analysera: Kor mye tid brukte vi på å så kornet, og kor mye brukte vi på ting som ikkje var naudsynte? Kva kan vi gjera annleis neste år, for vera meir opptekne av det som er hovudoppgåva vår?

Etter at krigen aust i Ukraina byrja i 2014, har prisane gått i vêret og lønene gått ned. Mange har mista både arbeid, hus og heim. Difor er det mange som no ikkje har råd til å kjøpa ein bibel, og det vanlege bibelsalet har gått ned.

Men talet på nytestamente er tidobla dei siste åra. Krisa i landet har skapt ein åndeleg lengt som har ført millionar av menneske til kyrkjene, og mange ønskjer seg ein bibel eller eit nytestamente. Med støtta som Bibelselskapet i Ukraina får på Bibeldagen i Noreg, kan dei spreia endå fleire billege nytestamente, eller gratis utgåver til utdeling.

– Som bibelselskap er det oppgåva vår å forkynna Guds Ord i Bibelen, seier Anatoliy.

– Gud gjev oss mykje undervising i Bibelen om korleis vi kan gjera dette så godt og effektivt som mogleg. Men han har ikkje gjeve oss mykje undervising om å luka ugras.

Han sluttar av med å fortelja om bestefaren sin:

– Bestefar var ein gammal predikant. Han brukte å seia: «Eg er så takksam til Gud for at han ikkje gav nøklane til dødsriket til Peter, men berre nøklane til himmelriket. For det er dette vi skal gjera: Vi skal invitera menneske til himmelen!»

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO